Terje Rognsø tilsett som dagleg leiar i Sogndal Fotball

Florøtrenaren Terje Rognsø er tilsett som ny dagleg leiar i Sogndal Fotball. Han vil ta til 1. januar.

- Vårt fokus har vert å få inn ein dagleg leiar som kan vidareutvikle kjerneproduktet vårt og dei visjonar og målsetningar klubben har. I Terje har vi funne det, seier styreleiar Tor Arne Ness.

Terje Rognsø, har i tillegg til lang fotballerfaring, ei karriere som gründer og bedriftsleiar.

- Sogndal sin historie saman med dei tøffe målsetjingane klubben har for framtida trigga meg, seier den nye daglege leiaren.

Sidan juni har Hilde Østbø vert konstituert som dagleg leiar. Ho vil no gå inn i ei sentral stilling i klubben.

Kontakt:

Terje Rognsø, tlf 971 60 160

Tor Arne Ness, tlf 908 39 860

Annonse fra Obos-ligaen: