Duellsterk spelar klar for Sogndal

Igoh Ogbu kjem på lån frå Rosenborg

Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde om ein utlånsavtale på Igoh Ogbu, f. 8/2 2000 ut sesongen 2019.

Ogbu er ein duellsterk midtstoppar/defensiv midtbanespelar frå Nigeria. Han har aldersbestemte landskampar, og var med under U20 VM då han spelte to av fire kampar.

Igoh gler seg til å ta fatt i kvitedrakta
Igoh gler seg til å ta fatt i kvitedrakta

Han kom til Rosenborg frå Gombe United i 2018, og var på utlån til Levanger, der han spelte 9 kampar. Han står med ein offisiell A-kamp for Rosenborg.

Me stifta bekjentskap med Igoh under NM-finalen mot Rosenborg for G19 i fjor.

- Igoh er ein fin type som har vore her på treningsopphald i sommar. Han gjorde så godt inntrykk då at me ville ha han med oss vidare ut sesongen, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Eg ser dette som ein fin sjanse i Sogndal. Då er var her tidlegare i sommar, følte eg meg velkomen og eg likte meg her frå første stund. Det er veldig motiverande å bli ein del av eit lag med mange unge spelarar som vil kjempa for å oppnå gode resultat, fortel Igoh.

Det er ein høgreist kar som kjem. Han er god med ballen og sterk i kroppen. Han har allereie relasjonar til spelarar på laget, og er ein god ven av Akor.

- Me er veldig glade for at Igoh kjem til oss, og ser fram til å nytta oss av hans gode eigenskaper som ein duellsterk og hurtig spelar, avsluttar Flo.

Velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: