Hannu Patronen flyr høgt mot Molde

Ein bra finne

Hannu Patronen har reist heim til Finland, me snakka med han før han drog med flyttelasset til Helsinki.

I haust vart det kjent: Hannu Patronen reiser frå Sogndal og avsluttar karriera si i Finland. Han skal no spele for det beste laget i Finland, HJK Helsinki. 

Her kan du sjå Hannu si helsing til supportarane i HJK

I fem sesongar har den staute finnen vore sjef i forsvaret. Han har spelt med hjartet utanpå trøye nummer 4. Ein kar ein kunne rekne med når det storma som verst på bana.

Micke Dorsin brukar hovudet til Hannu som ball
Micke Dorsin brukar hovudet til Hannu som ball

Hannu ofra alt, noko som smitta over på medspelarane. Ein visste at han heller ville brekke ein arm eller nasen, om han kunne unngå skåring i mot.

Hannu er ein krigar. Men han spelar alltid fair, og aldri stygt, sjølv om det gjer vondt å møta han i duell.

129 obligatoriske kampar og åtte skåringar vart det på finnen, som óg tok for seg i kortstokken til domarane. To gonger gjekk han so langt at domaren trakk opp det raude kortet, og 21 gule fekk han. 

Familien Patronen fann seg godt til rette i Sogndal, og fru Krista var ein populær medarbeidar på Idrettssenteret. Dei to små jentene var ofte med pappa på trening. 

(Teksten held fram under bildeserien, Alle foto: Rune Sjøberg)

Hannu er ikkje den som snakkar mest og høgst utanfor bana, men på bana går skravla på finnen. Heile Romerike fekk med seg kva han meinte om drikkepausa domaren la inn i kampen borte mot Strømmen i fjor. Årets varmaste dag og kunstgras, men drikkepause var jammen seg for pinglar, meinte Hannu. Me spelte ti mot elleve, og gutta jaga mål. Då har ein ikkje tid til drikkepause.

Reporter Hjønnevåg møtte Hannu før han drog, under ser du intervjuet.


Me takkar Hannu og familien for fem flotte år i lag med oss her i Sogndal!

Lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: