Ein historisk jubelkveld!

Me slo finske FC Honka 3-1 etter ein kjempekamp av karane

Det vart 3-1 mellom Sogndal G19 og FC Honka i dagens UEFA Youth League-kamp på Fosshaugane.

Det finske laget tok ufortent leiinga etter 37 minutt av kampen, då me var ein spelar mindre på bana. Kaptein Sivert Mannsverk var ute for å få behandling.

Sivert kom på bana att, og berre nokre minutt etter utlikna Mathias Sundberg til 1-1. Like etter skåra Anders Nord eit flott mål, som gjorde at me kunne gå til pause stinne av sjølvtillit og energi.

Laget fortsatte det flotte spelet etter kvilen, og det var fullt fortent då Vegard Halset kunne fastsetja sluttresultatet til 3-1 i det 69. minuttet.

Karane leverte ein svært solid kamp i kveld. Alle superlativer om denne gjengen er brukt opp. Me får bruka oppatt eitt av dei: Fantastisk!! Me er so stolte over det denne gjengen har gjort, og fortsetter å gjera!

Stao no pao!!

Les om kampen i Sogn Avis

Les fyldig kampreferat i Firdaliven

Etter kampen snakka me med ein stolt kaptein. Sivert Mannsverk spelte ein veldig god kamp i kveld.





Mathias Sundberg skåra det første målet vårt.

Vegard Halset spelte seg meir og meir opp i kampen og leverte ein kjempekamp. Det var so fortent at han fekk avslutta skåringane med sin 3-1 skåring





Trenar Nils Tore Krosshaug var svært stolt over karane sine etter kampslutt.

Med 3-1 har me skaffa oss et svært godt utgangspunkt før returmøtet i Helsinki 24. oktober, men det er viktig å hugsa at det er berre halve jobben som er gjort..

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: