Ein veteran legg fotballskoa på hylla

Ulrik Flo blir fotballpensjonist

Ein kjent og kjær spelar blir ikkje med når oppkøyringa til ny sesong startar neste veke. Ulrik Flo legg fotballskoa på hylla og skal no til i ein sivil jobb.

- Eg skal inn i familiebedrifta Flo Brannsikring og vil ha fullt fokus på dette no framover, seier ein vemodig Ulrik Flo medan han ryddar ut av hyller og skåp i garderoben.

Ulrik kom til Sogndal frå moderklubben Stryn i 2007, og synte seg tidleg som ein artig skrue i miljøet. Dette har medspelarar fått nyta godt av, og han har vore viralt på sosiale medier fleire gonger, mellom anna der han har imitert sin velkjente onkel, Tore André.


Vanskeleg
Det var ikkje ei lett avgjerd for Håvard Flo og Eirik Bakke då dei landa på at Ulrik ikkje skulle vera med i planane for 2020-sesongen.

- Ulrik hadde lyst til å vera med vidare, og kunne nok ha spelt på dette nivået eit par år til. Me føler likavel at dette er det rette i forhold til den troppen me skal ha no, med unge gutar som skal inn for å ta meir ansvar, seier trenar Eirik Bakke.

Det er med tungt hjarte at Bakke og Flo tek avskjed med ein veldig lojal spelar.

- Det vanskelegaste med dette er nok korleis Ulrik er som type i garderoben. Han er særs godt likt i gruppa og har stått fram som ein fin farsfigur for dei unge spelarane våre. Han vil bli veldig sakna, seier Bakke.

- Dette er ein spelar som set spor etter seg med gode haldningar, han er ein vinnarskalle på treningsfeltet og trer no av med flagget til topps. Men no er det opp til desse unge spelarane våre å ta over pinnen frå Ulrik, og då er tida inne for at han trer ut av gruppa slik at dei unge må opp og ta meir ansvar og vaksa på dette, seier Bakke.
 

Trong start før det løsna skikkeleg
- Det vart ein trong start i Sogndal, då eg gjekk mykje skada i starten. Eg føler eg fekk gjennombrotet mitt i 2009 under Karl Oskar Emberland, fortel Ulrik.

Flo var sterkt delaktig i den etterkvart så legendariske 2010-gjengen. Me hugsar godt då han fastsette sluttresultatet mot Molde i cupen til 3-1, eller korleis han herja med Bryne på Jæren og vart belønna med ein særs sjeldan 10'er på spelarbørsen i Sogn Avis. Under opprykksfesten etter Fredrikstadkampen dette året var lysluggen Ulrik den som var høgast og mørkast.

Ulrik vart Tippeliga-spelar i 2011, og skåra sitt første mål i den øverste divisjonen mot sjølvaste Rosenborg på Lerkendal. I alt skåra han 45 mål fordelt på 233 offisielle kampar i kvitedrakta. Eit av mange høgdepunkt er då han vart bytta ut mot Rosenborg, og onkel Tore André kom inn, Eit anna høgdepunkt kom då han stanga inn 2-1 mot kompis Even Hovland og Molde, slik at me eit godt stykke ut i vårsesongen toppa tabellen i Tippeligaen 2012.
 

Virale Flo
For oss i media, både internt i klubb og for pressefolk, har Ulrik vore ein som har levert varene, og vel så det. Han kom alltid ut etter kamp for å snakka om sigeren eller tapet, om målet eller den håplause panenkastraffa. Ulrik stod alltid opp.

Ulrik byr på seg sjølv, og vart ein viral hit då han tapte i kortspel og måtte stilla på trening forkledt som sjølvaste Djevelen. Til dags dato har me aldri hatt eit innlegg med så mange klikk totalt. Djevelen Ulrik var i USA, Japan og resten av verda, det tok heilt av.

Klubbspelaren Ulrik som fekk smaka på utlandet
Fotball er moro, og for Ulrik var det bånn gass og full innsats det handla om. Det kjekkaste var nok å spela for A-laget, men dei gongene han var innom på Sogndal 2, stod han opp som ein leiar og spelte dei andre rundt seg gode.

Han var veldig god då han i 2015 vart henta til Odd, som då var eitt av dei aller beste laga i landet. Kontrasten frå spel i OBOS-ligaen mot Ranheim foran 50 tilskodarar var stor då han nokre veker etter spelte Europacup foran "Den gule veggen" i Dortmund. Det er nok eit minne Ulrik tek godt med seg.

Frå Odd gjekk turen til Silkeborg i Danmark, før han vart henta til Fredrikstad. Han og sambuar Kristina hadde nokre fine år i Plankebyen, før dei returnerte til nytt hus på Kjørnes og comeback i kvitedrakta i 2018.



Me må takka Ulrik for mange gode stunder i lag - Tusen takk for strålande innsats gjennom så mange år, og lukke til vidare!

Byte Tore Andrè Flo og Ulrik Flo RosenborgH 2011 Foto - Rune Sjøberg


 


 

 

Annonse fra Obos-ligaen: