Englandsproff på lån ut august

Chidi frå Manchester City har slutta seg til gruppa.

Seint måndag kveld kom Chidiebere Nwakali (f. 26/12 1996) til Gran Canaria, der han slutta seg til treningsleiren i Puerto Rico.

- I første omgang er dette ein avtale mellom Manchester City og Sogndal Fotball som strekkjer seg ut august i år, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

Chidiebere Nwakali kom til Manchester City i 2015, og har er no midtvegs i kontrakten som er på 4 år.

Den engelske storklubben fatta interesse for Chidi då han var ein sentral spelar med to skåringar på laget som vann U17-VM i 2013.

Han har vore på utlån i forskjellige klubbar, sist i Start under sesongen i fjor.

- Chidi spelar sentral midtbane, han er ein ballspelar som er kjapp og har god frekvens. Me ser tydeleg at han held eit godt nivå, seier ein glad sportsleg leiar.

Det var fleire klubbar som ville ha han, men han valgte oss. Han vil utvikla seg vidare som fotballspelar, og det ynskte han å gjera under  trenar Eirik Bakke.

- Dette er ein seriøs og veldig ambisiøs gut. Han er ein særs spennande type, som allereie har gjort seg gode erfaringar. Me gler oss til å ha han her hjå oss, avsluttar Håvard Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: