Ernemann takkar for seg etter sesongen

Midtbanegeneralen legg fotballskoa på hylla

Vår gode danske ven og midtbanegeneral Steffen Ernemann har beslutta at han etter sesongslutt trer inn i fotballpensjonistenes rekkjer.

- Sesongen er ikkje slutt, det er viktige kampar som gjenstår. Eg kjem til å gå "all in" for å kunne avslutta fotballkarriæren min med stil, seier en litt vemodig Steffen. 

Han har no tre kampar og forhåpentlegvis nokre kvalikkampar att av eit langt og innhaldsrikt fotballiv.

- Det er ein barndomsdraum eg har fått lov til å leva ut i heile atten år, eg er veldig takksam for at eg har fått vera me på høgt nivå so lenge, fortel Steffen som i lag med kona Mathilde og barna flytter heim til Esbjerg i Danmark.

Ernemann starta si profesjonelle fotballkarriære i AGF i heimlandet i 2003. Han var innom klubbane Horsens og Silkeborg før han tok turen til Zulte Waregem og KSV Roeselare i belgisk fotball. Det vart eit opphald til i heimlandet, der han vant cupen med Esbjerg, før han vendte nasen nordover til Fjellapene i Norge. Her spelte han cupfinale med Sarpsborg 08 og han var essensiell under opprykket til Viking i fjor.

Sportsleg leiar Håvard Flo kjenner óg at det blir vemodig å ta farvel med vår danske ven.

- Me har blitt veldig glade i Steffen i det snaue året han har vore her hjå oss, det er vemodig at han no legg fotballskoa på hylla, seier Flo.

(Saka held fram under biletet)

Ernemann og Flo
Ernemann og Flo

- Me kjem til å sakna "vaktbikkja" vår! Med sin erfaring har han guida både eindel av dei unge spelarane våre, samt teamet rundt. Han har vore ein god mentor i gruppa, seier Flo.

Delar av sesongen har dansken vore ute med skade, noko som er nokså uvanleg der i gården.

- Eg har vore heldig og hatt lite skadetrøbbel i alle desse åra, noko som har gitt meg jamnleg med speletid. Det einaste eg saknar frå desse atten åra er å ha fått spela i ein skikkeleg internasjonal kamp, seier Steffen.

Gjennom desse åra har han opplevd mange forskjellige klubbar i forskjellige land, noko han meiner har forma han både som fotballspelar og menneske.

- Eg har opplevd mykje, eg er veldig takknemlig, seier Steffen.

Og den som fortener aller mest takk er nok kona Mathilde som har holdt fortet på heimebane.

- Mathilde er fantastisk! Ho har latt meg leve ut denne draumen, og har vore ein enorm støttespelar, seier Steffen, som i tida her hjå oss har hatt familien buande i Stavanger.

- Det har ikkje vore like lett å vera så langt frå familien, men Mathilde har holdt hjula i gong der nede, fortel Steffen og legg til at han er veldig glad for å ha vore her i Sogndal dette året.

- Her har eg vore med ein kjempeflott gjeng, hatt eit fantastisk trenarteam og ein talentfull spelargruppe. Det har vore ein veldig fin periode her, det einaste eg kan utsetja på staden er at eg slit litt med å skjøna sognamaolet, ler Steffen.

Me i Sogndal Fotball, takkar Steffen for innsatsen, og ynskjer han og den fine familien hans lukke til med det nye livet. Men aller først skal han avslutta med stil.

- Eg skal gje meg med flagget til topps, ikkje tvil på dét! avsluttar Steffen Ernemann.
 

73100328_10162767030075727_6802733811768492032_n
Steffen sitt fotball-liv i ein biletcollage

 

Annonse fra Obos-ligaen: