Even går til RBK

Sogndal Fotball og Rosenborg Ballklubb er samde om ein overgang for Even Hovland.

Etter snaue sju månader i klubben er Even klar for nye utfordringar i Rosenborg BK.

- Me ville ha Even med oss vidare, men spelarar veks ut av klubben. Slik er det berre, og det er Even nok eit eksempel på, fortel hovudtrenar Eirik Bakke.

- Even har vore veldig god no i oppkøyringa, og sett eit fundament inn mot sesongen. Eg veit, og me andre i Sogndal veit, at når Even er på det nivået han er no, så er det vanskeleg å behalde han, seier Bakke.

Ambisjonar om landslagsspel
- Even har ambisjonar om å kome tilbake på landslaget, og då er ikkje OBOS-ligaspel ideelt. Når Rosenborg no kjem på bana, så har me ikkje moglegheit til å ikkje gi Even denne sjansen, seier Bakke.

- Intensjonen med å hente Even tilbake til Sogndal var heile vegen at han skulle få sjansen til å kome ut igjen. Og når moglegheita no kom, så måtte me halde våre ord.

Pressemeldingen held fram under biletet.

Even Hovland HaugesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg (2)

- Sjølvsagt skulle me helst sett Even med oss vidare, men det er viktig at han får denne moglegheita, seier Bakke.

- I dag har me i Sogndal nok ein gong selt ein spelar vidare til ein toppklubb, og det skal me vere stolte over. Nok ein gong har me formidla spelarar til dei beste laga i landet.

Identiteten vår
- Sal til større klubbar er ein del av identiteten til Sogndal. Sjølv om eg som trenar, supporterar og andre i klubb er lei seg for at Even reiser, så må me unne Even denne moglegheita, seier Bakke.

Tenkjer framover
- No skal me tenke framover. Det kjem alltid nye spelarar inn, og nye ”Even Hovland”ar kjem til å vekse opp i Sogndal, seier Bakke.

Sogndal Fotball ynskjer Even lukke til, og håper at me får spela mot han neste år.

Til media:
For fleire spørsmål er Eirik Bakke tilgjengeleg på telefon i kveld. I morgon er fokuset inn mot kampen på søndag. 

Annonse fra Obos-ligaen: