Even kjem heim!

Vaimingen har signert for 3,5 år

Even Hovland og Sogndal Fotball har i dag signert ein avtale som går ut sesongen 2020.

- Me er veldig glade over at Even no kjem heim til Fosshaugane Campus for ein periode. Han er ein av dei beste midtstopparane i landet, har internasjonal rutine, og vil gi klubben eit løft inn mot ein spennande haustsesong, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Even Hovland vil med sin rutine og veremåte på og utanfor bana vera ein som er med og dreg lasset og utviklar laget vidare.

- For oss var det heilt naturleg at Even kom hit, når valet tilslutt landa på spel i Norge. Even er ein del av Sogndal Fotball, han er ein av oss og bygda. Me har ein lang historie i lag, seier Flo.

Flo legg vekt på at Hovland har signert ein langtidskontrakt.

- Me skal ikkje leggje skjul på at dette har vore ein lang prosess, med ein del utfordringar for både oss og Even. Me er difor særs glade for at avtalen no er i hamn.

Det er eit felles mål at Even skal ut i verda på nye eventyr.

- No kjem Even inn som ein leiartype, han skal få tid til å spele seg opp på nivået me veit han har inne slik at han kan få sjansen til å reise på eit nytt opphald i utlandet, seier Flo.

Litt historikk
Even Hovland (f. 14. februar 1989) er frå Vadheim i Sogn. Han sleit ut sine første fotballsko på Vaimbley Stadion i heimbygda, og spelte seniorfotball i IL Høyang fram til han kom til Sogndal før sesongen 2007.

Even debuterte for Sogndal mot Molde i Adeccoligaen, og vaimingen brukte berre fem minutt på å markera seg med skåring på hans nye heimebane. 

Hovland spelte seg raskt inn i varmen på Fosshaugane, og fekk mykje speletid. På oppvarminga i sesongpremieren mot Hønefoss i 2009 braut han ankelen, og mista nesten heile sesongen. 

I 2010 var han tilbake, og var sterkt delaktig i opprykket. Det går stadig gjetord om hans soloraid frå eigen 16-meter, der han dribla halve Follo svimle før han skaut ein kanon i krysset. 

I 2011 fekk han debutera på høgste nivå i norsk seriespel, og han spelte 22 kampar i Tippeligaen før tida var inne for nye oppgåver etter 93 kampar i kvitedrakta. Han vart kåra til ligaens beste midtstoppar den sesongen.

Før 2012-sesongen vart han kjøpt av Molde, der han óg fekk debut på A-landslaget og vart både serie-og cupmeister. Han spelte 51 kampar for romsdalsklubben, før han i 2014 gjekk til proffspel i utlandet og den tyske klubben FC Nürnberg i 2. Bundesliga.

I FC Nürnberg spelte han 41 kampar. Hans kontrakt med klubben gjekk ut no i sommar.

Som landslagsspelar fekk Even debut med det norske flagget på G17. Motstandar var Sverige, og Even kom inn som innbytar. Totalt spelte han 32 kampar for aldersbestemte landslag.

På det norske A-landslaget står Even med 24 kampar. Sidan 2015 har han vore ein av dei mest nytta spelarane, og sist han var i aksjon var mot Sverige på Ullevaal Stadion tidlegare i sommar. 

Etter at kontrakten med FC Nürnberg gjekk ut i sommar, har Even halde formen vedlike her i Sogndal som ein del av treningsgruppa.

Me ser fram til desse neste åra i lag med Even!

Annonse fra Obos-ligaen: