1-1 mot Florø

Positiv gjennomkøyring for gutane våre

Det vart 1-1 mot Florø i treningskampen i Sognahallen. Målet vårt kom ved Joachim Soltvedt etter eit flott angrep.

Sjå video frå Sogn Avis/Hallo Sogn med høgdepunkta frå kampen her.

Spesielt i første omgang såg me tydelege tendensar på kva me har i vente. Fleire stod fram, og det var ein omgang med mange sjansar, godt trøkk og bra fart. Høgresida med Akeem Latifu og Stanisa Mandic skapte trøbbel for Florø gang på gang.

Les om kampen i Sogn Avis.

Me snakka med Mathias Lønne Dyngeland etter kampen


Neste veke skal me etter planen ut av Sognahallen. Fosshaugane Campus ligg grøn og fin, sjølv om gradene er veldig blå for tida. Neste helg går årets første kamp ute, då tek me i mot Brann. Den kampen går på laurdag og har avspark klokka 14.00.

Rune Bolli Bolseth hadde dette å seie etter kampen i dag.


Me stilte med dette laget frå start:

Mathias Dyngeland - Akeem Latifu, Per Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Reiss Greenidge - Stanisa Mandic, Eirik Birkelund, Didé Fofana, Eirik Schulze - Markus Brændsrød, Sigurd Haugen

Benken: Kristian Rutlin, Ole Martin Rindarøy, Eivind Helgesen, Tomas Totland, Ulrik Flo, Sixten Jensen, Joachim Soltvedt, Jerome Akor

Alle spelarane fekk speletid i løpet av kampen.

Annonse fra Obos-ligaen: