Før avspark

Vålerenga - Sogndal

Det er allereie runde 5 av Eliteserien 2017, og i dag skal me spela mot Vålerenga på Ullevaal Stadion. Avspark er klokka 18.00

Det er årets tredje bortekamp, og det er på tide at me opnar poengkontoen etter to tap. Vålerenga er på sin side desperate etter tre poeng i dag, etter at dei har tapt dei tre siste kampane sine.

Slik gjekk det i fjor
Me møtte Vålerenga tidleg i fjor også, då på Fosshaugane i 2. serierunde. Me sendte Kjetil Rekdal sine menn heim med null poeng i kofferten etter at Martin Ramsland avslutta eit vakkert angrep med ei flott skåring.


Det var sol og varmt i vêret då me reiste til Oslo og spelte returoppgjeret. Enga kom best i gang og skåra etter 17 minutt ved Ghayas Zahid. Me var absolutt med i kampen, og det var velfortent at Ole Amund Sveen utlikna i det 69. minuttet etter flott forarbeid av Gilbert Koomson. Det vart poengdeling i hovudstaden i fjor.




Mange tette kampar mot Enga
Om me ser vekk frå kampane mot Brann, er oppgjera mot Vålerenga noko som triggar oss ekstra. Det er noko med at me som som frå verdas einaste Eliteserie-bygd dreg til Oslo og respektlaust hamlar opp med laget frå hovudstaden.

Seiersglede VålerengaB 2012 Foto - Rune Sjøberg (4)

Kampen 20/10 2000 er legendarisk. Då Tommy Øren heada inn 2-2 og sendte oss opp ein divisjon og Vålerenga ned, var det spesielt. Klanen hatar oss enno etter den oktoberkvelden. Og det kan me lika.

Me hugsar også den magiske kvelden då Saftkokaradn gjorde landskamparenaen til vår eigen leikegrind, fekk Klanen til å vera stille, og gutane våre til å leika seg med Enga. "Me skal pløye Enga!" sa me før avspark. Og det var akkurat det me gjorde, anført av kaptein Furebotn. Først stanga Gustav Valsvik inn ei flott skåring etter frispark av Ørjan Hopen. Det var Furris som stod for assisten då Tonny Brochmann sette inn 2-0, som vart sluttresultatet. Berre for å ha nemnt det: Det var 5. serierunde dengong óg.

Publikum VålerengaB 2012 Foto - Rune Sjøberg (21)
Kvelden då Saftkokaradn overtok Ullevaal

So langt i år
Vålerenga har ikkje hatt den starten dei håpa på etter at trenar Ronny Deila overtok skuta. Den karismatiske trenaren har sett at laget hans opna med ein noko heldig 1-0- siger i opningskampen, står dei bokført med 0 poeng og tre strake tap: 3-4 mot Haugesund borte, 1-2 mot Sandefjord heime og stygge 0-4 borte mot Molde no sist.

Dette gjer at me møtar eit lag som er desperate etter poeng i dag. Dei kan berre ikkje gå på sitt fjerde tap på rad, og har alt å tapa i denne kampen. Det er eit ungangspunkt som passar oss veldig bra, og plogen er kvessa. I dag skal me feira fem år etter med ein ny Enga-skalp i beltet.

IMG_0289
Martin Ramsland skårar mot Godset

Me skulle gjerne hatt litt meir poeng etter vår sesongstart, samstundes har me møtt fire lag som alle ligg høgt på tabellen etter ein god sesongstart. Dette er fasiten so langt:
Sarpsborg 08 - Sogndal 3-1
Sogndal - Stabæk 4-1
Tromsø - Sogndal 3-0
Sogndal - Strømsgodset 1-1


Sjå opp for!
Bård Finne er tilbake i norsk fotball, og bergensaren skåra i opningskampen. Klubbnomaden Mohammed Keita er på lån i år igjen, denne gong i Vålerenga. 26-åringen frå Drammen har spelt tre kampar og står med ei skåring. Jonatan Tollås Nation er tilbake etter karantene, og Herman Stengel har rukke å bli 21 år og har hatt ein bra opning på sesongen. Moa er ikkje i dagens tropp.

VG Live ligg dagens kampoppsett, samt alt av statistikk frå sesongen so langt.

Her får du kjøpt billett til kampen.

Vålerenga - Sogndal
Ullevaal Stadion
Avspark kl. 18:00

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: