Før Avspark

Sogndal - Haugesund

Me er framme ved runde 22 av årets Eliteserie. Det er duka for fotballfest på Fosshaugane Campus. Me er klare for Sogndal - Haugesund.

Det er endeleg heimekamp. Det er ei stund sidan sist, so me håpar at publikum har lyst til å sjå ein drivande god fotballkamp live i flott vêr. Dette blir ein fin kveld for fotball

Runde 22
Første kamp er akkurat ferdigspelt. I Bærum møttest Stabæk og Strømsgodset til naboduell, og det var gjestene frå Drammen som drog det lengste strået på ein dag der lite stemte for Tonny Brochmann og kompani. Godset kan ta med seg tre poeng heim etter 2-0. 

I morgon er det ein del interessante oppgjer, og rundens hovudkamp er klassikaren Rosenborg mot Vålerenga.

På måndag er det Odd - Aalesund i Skien.

Dette er kampane i runde 22:

Laurdag
Stabæk - Strømsgodset 0-2

Søndag
Lillestrøm - Kristiansund kl.18.00
Sandefjord - Brann kl. 18.00
Sogndal - Haugesund kl. 18.00
Tromsø - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Viking - Molde kl. 18.00
Rosenborg - Vålerenga kl. 20.00

Måndag
Odd - Aalesund kl. 19.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Siste møte 
Det vart 0-0 i Haugesund i mai, men det var langt i frå ein kjedeleg kamp. Tvert i mot var det dramatikk frå start til slutt.

Bjørn Inge var tilbake på gamle tomter og var stolt som ein hane då han gjekk først ut som kaptein i heimbyen. Diverre fekk han berre spela snaue fem minutt før han gjekk i bakken: Brot i ankelen, ut på båre og ny mann på den lange skadelista.

Noko skjedde med karane då Bjørn Inge måtte ut. Dei stod opp og kjempa som løver mot eit veldig godt heimelag.

Ulrik Fredriksen debuterte frå start og spelte ein framifrå kamp. Han fekk seg ein tidlegare dusj enn dei andre, då han vart utvist eit stykke ut i 2. omgang for å ha redda skåring i mot med handa. Han redda poenget for oss då.

Mathias Lønne Dyngeland stod som ein panter i mål, han redda straffa og tok elles det som kom.


Formen
Haugesund er eit av formlaga i Eliteserien, og sist dei spelte bortekamp, slo dei Rosenborg med 1-0. Trenar Eirik Horneland har fått flott driv i laget sitt, som no liknar meir og meir på Haugesund slik dei var under Grindhaug, då det berre var å peisa på.

Resultatmessig har me hatt dårleg fangst på dei fem siste kampane, då me står med fire tap og ein siger. Bortsett fra kampen mot Rosenborg, var me inni i kampane, og kunne fort fått med oss noko heim. Spesielt sist i Bergen gjekk me på eit veldig surt tap.

Haugesund sine fem siste
Haugesund - Aalesund 2-0
Sarpsborg 08 - Haugesund 2-1
Haugesund - Stabæk 2-2
Rosenborg - Haugesund 0-1
Haugesund - Lillestrøm 1-1

Sogndal sine fem siste
Sogndal - Rosenborg 0-3
Odd - Sogndal 2-1
Sandefjord - Sogndal 2-1
Sogndal - Kristiansund 2-0
Brann - Sogndal 2-1

Les meir om Haugesund her

Even Hovland er heime!
På måndag kom gladmeldinga: Even Hovland er tilbake i kvitedrakta, og har signert for 3,5 år.

Ti og eit halvt år etter at han debuterte for Sogndal, ligg det i morgon an til ein redebut me knapt hadde våga å håpe på, iallefall på ei stund.

Det er ein rutinert kar som kjem heim, der han har både serie- og cupgull i bagasjen, proffspel i Tyskland og 24 kampar på A-landslaget.

Vaimingen gleder seg til kamp i morgon.




Eirik Bakke ser fram til at det endeleg er heimekamp.

For Bjørn Inge Utvik er det alltid spesielt når Haugesund står på andre sida av bana. Han vert stadig linka til ein retur til gamleklubben, og då han førte laget ut på bana som kaptein i kampen der nede i vår, fekk han applaus då namnet hans vart ropt opp.

Her fortel Bjørn Inge litt om tida etter skaden, og konkurransesituasjonen på midtstopparplass og kva som må til for at me skal få tre poeng i morgon.


Vêrmeldinga
Me har ein flott helg her i vakre Sogn. I dag har det vore sommarlege temperaturar i sola, og meldinga fortel oss at me har ein fin søndag i vente. Både Storm og Yr melder om lettskya med solstreif under kampen, og rett i underkant av femten grader. Alt ligg til rette for ein fin kveld for fotball

Kom på kamp!
Me håpar at mange kjem og støttar gutane i morgon.

Her får du kjøpt billetten din til fotballfesten.

Me gleder oss til kamp!

Sogndal - Haugesund
Fosshaugane Campus
Avspark søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: