Før Avspark

Sogndal - Ull/Kisa, Fosshaugane Campus, Sundag klokka 16.00

Er det éin ting me er gode på i Sogndal, er det å gjera haustane våre spennande. Den vakre bygda vår er klar til nok eit nervedrama no når sola takkar for seg og glir bak Stedjeåsen før klokka har passert halv tre om ettermiddagen. 

Det er alltid kjekkast å strekkja seg etter opprykk, og no startar kvalikkampane. Me gjer oss klar til ein spennande ettermiddag på Haugadn: Sogndal tek i mot Ull/Kisa.

Me har spelt mot gjengen til Vegard Skogheim to gonger før i år, og me har tapt begge. No skal me slå tilbake, og sørga for at vår gamle ven Stefan Hagerup må plukka ut nok ballar frå nettet i morgon til at det er gjengen i Svart og Kvitt som kan jubla etter kampslutt.

I dag er det veldig greitt. Det er vinn, eller forsvinn. Kampen skal avgjerast og me skal ha ein vinnar. Står det uavgjort etter full tid, blir det ekstraomgangar (2x15 minutt). Er det framleis uavgjort etter dei, skal det heile avgjerast på straffekonk.

Arrangemetssjef Heggestad gler seg til kampen, og er tydeleg på at me treng heile bygda i ryggen mot Ull/Kisa.





Kaptein Lønne Dyngeland har spelt mange viktige kampar for oss dei siste åra. No skal han ut i ein av dei viktigaste.

Vêrmeldinga
Det er flotte dagar her hjå oss for tida, men no når det er barfrost, blir Dalatrekken ekstra kald. Kle godt på deg om du skal på kamp, dette blir kaldt! Me kan venta oss blå grader ned mot -4 og med den nemde Dalatrekken er det berre til å dra på seg det ein har av ullkle, hue og vottar!

Eirik Bakke er klar: - Dette blir bikkjekaldt, kle godt på deg, men MØT OPP!




 
Vår staute nordlending er klar til å gå i krigen for kvitedrakta, og han gler seg veldig til kampen på sundag.

Sesongkorthaldarar kjem sjølvsagt inn på sitt kort, og elles kostar billettane for sitjeplassar kr. 100,- på heile stadion i morgon. Ståplassane kostar kr. 50,-. BillettBui opnar klokka 14.00, eller du kan kjøpa billetten på nettet.

SogndalBui har gode prisar på huer, skjerf og sitjeunderlag - sving bortom Marie og kompani før avspark!

Kom på årets viktigaste kamp og støtt karane!!

1. kvalifiseringskamp for Eliteserien 2019
Sogndal - Ullensaker/Kisa
Fosshaugane Campus
Sundag klokka 16.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: