Før Avspark

Sogndal - Ull/Kisa, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18.00

OBOS-ligaen susar vidare, og me er allereie framme ved runde 23 av årets sesong. Fosshaugane Campus har pynta seg til fest, i dag byr me opp Ull/kisa frå Jessheim til dans.

Før kampstart er det mykje kjekt og moro nede i Sognahallen. I lag med vår gode samarbeidspartnar Frydenbø, arrangerar me Frydenbø Familiedag i tida 14.30-17.30. Les meir om det arrangementet her.

Sist me møtte Vegard Skogheim sine menn, fekk me oss ein rett i fleisen, og måtte reisa heimatt med halen mellom beina og 0-2 i bagasjen. Slik såg det ut på Jessheim i mai.




Me skal reise kjerringa i dag, og det er ein revansjesugen gjeng som ynskjer å stå fram på Fosshaugane Campus.

Runden
Det spelast sju kampar av runde 23 i dag, og den siste kampen går på tysdag. Me ser fram mot desse oppgjera:

Strømmen - HamKam kl. 15.00
Florø - Sandnes Ulf kl. 16.00
Tromsdalen - Mjøndalen kl. 16.00
Åsane - Jerv kl. 16.00
Aalesund - Kongsvinger kl. 18.00
Levanger - Nest-Sotra kl. 18.00
Sogndal - Ull/Kisa kl. 18.00

Tysdag
Notodden - Viking kl. 19.00

Kampen
Før dagens kampar ligg me på ein 4. plass på tabellen med 39 poeng. Ull/Kisa ligg på plassen bak med 34. Me har altså sjansen til å gjera den luka litt større i dag.

Etter tre tap på rad, reiste me til Kongsvinger for nokre helger sidan. Det var murring og misnøye i bygda, og det var ein slik "må-vinna-kamp". Gutane stod opp og i ny formasjon tok me ein heilt fortent 3-1 siger. Eirik Bakke likte det han såg der borte, og håpar at me får sjå den same gløden og spelegleden i dag.

- Gutane ser pigge ut! Me må bygga vidare på det me gjorde mot Kongsvinger. 



Eirik Bakke før dagens kamp.

Ull/Kisa er eit godt lag, og dei har ein luring av ein trenar i Vegard Skogheim. I mål har dei ein gamal ven: Stefan Hagerup. Stefan kom til Sogndal i 2015 og var sentral i opprykket, og han gjekk vidare til Ull/Kisa før 2017-sesongen. Me håpar at han får ein travel kamp!



Kjetil Wæhler måtte stå over mot Kongsvinger, då hardhausen veit å skaffa seg gule kort. No er karantena sona, og den evigunge stopparen gler sg til kamp.

Me snakka også med ein blid Ulrik Fredriksen før kampen, og går alle like blide heim etter kamp som det guten frå Sædalen er her, får me ein flott kamp på Campus i kveld.


Vêrmeldinga
Det har bøtta ned over den vakre bygda vår denne veka, så no ligg Sogndal rein og fin og klar til kamp. Ny asfalt i Gravensteinsgata har me óg fått. Diverre ser det ikkje ut til at det småfine vêret i dag tidleg skal vara utover, og under kampen skal det regna litt meir. Det blir bris og i underkant av ti grader, så en lyt kle seg litt godt i dag.

Publikum
Me håpar at mange kjem og støttar karane i dag. I papirutgåva av Sogn Avis snakkar Sixten Jensen litt om kor mykje det betyr for spelarane når den tolvte mann er med og hjelper oss fram. Billett til kampen kjøper du her Tor og gjengen i BillettBui er på plass frå klokka 16.00.

Me gler oss til kamp!

Sogndal - Ull/Kisa
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: