Før Avspark

Sogndal - Aalesund, Fosshaugane Campus, Sundag klokka 18.00

Det er midt i haustens vakraste eventyr: Eat Move Sleep-helga, og i dag har det vore eit yrande liv på Fosshaugane Campus og i Sognahallen.

Sjå oppsummering og biletgalleri frå den første dagen her.

Etter at alle dei fotballglade ungane er ferdige med cupen, er våre beste menn klare for runde 28 av årets OBOS-liga. No dreg det seg til. Me er i innspurten av årets sesong, og det er ikkje kven som helst som kjem på besøk til oss. Det er duka for storkampen Sogndal - Aalesund.

Her er nokre bilete frå kampen på Color Line Stadion i april.

Runden
Sju av rundens kampar går i dag, den siste på tysdag. Slik er oppsettet:

Jerv - Kongsvinger kl. 13.00
Strømmen - Sandnes Ulf kl. 13.00
Florø - Åsane kl. 14.00
Nest-Sotra - Tromsdalen kl. 14.00
Viking - Ull/Kisa kl. 15.00
Levanger - Notodden kl. 18.00
Sogndal - Aalesund kl. 18.00

Tysdag: HamKam - Mjøndalen kl. 19.00

- Me har hatt eit godt tak på Aalesund dei siste åra, sa trenar Eirik Bakke då me snakka med han før kampen.




Tabellsituasjonen
Det dreg seg no skikkeleg til, og nesten ingen ting er avgjort når det gjeld utfallet av årets sesong i OBOS-ligaen. I toppen kjempar Viking, Aalesund og Mjøndalen om direkte opprykk. Helgas kampar vil ha stor betydning, og mykje står på spel for trioen.

Det er heilt ope om kven som karrar seg til kvalikplass, sjølv om me tok eit langt steg mot Åsane sist helg. Ein ting er sikkert, og det er at jo høgre me kjem, jo sikrare er me på heimekamp. Firda forklarte dette systemet tidlegare i veka. 

Nederst står det om å unngå den eine plassen som gjev direkte nedrykk og ein kvalikplass. Her er Levanger allereie klare for 2. divisjon i 2019.

Slik ser tabellen ut før kampstart.
Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Levanger Levanger 3 2 1 0 8 2 6 7 U V V
2 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
3 Moss Moss 3 2 0 1 5 6 -1 6 V T V
4 Sogndal Sogndal 3 1 2 0 5 3 2 5 U V U
5 Kongsvinger Kongsvinger 3 1 2 0 6 5 1 5 V U U
6 Egersund Egersund 2 1 1 0 7 6 1 4 V U
7 Lyn Lyn 3 1 1 1 4 4 0 4 T U V
8 Vålerenga Vålerenga 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
8 Aalesund Aalesund 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
10 Ranheim TF Ranheim TF 3 1 0 2 5 5 0 3 T V T
11 Bryne Bryne 3 1 0 2 3 3 0 3 V T T
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 3 1 0 2 6 7 -1 3 T T V
13 Åsane Åsane 2 0 2 0 3 3 0 2 U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Raufoss Raufoss 3 0 1 2 2 5 -3 1 U T T
16 Start Start 3 0 1 2 3 7 -4 1 T T U

Kampen
Me har vore vitne til mange tette og spennande oppgjer mot Aalesund opp igjennom åra, og dette er eit skikkeleg vestlandsderby av godt gamalt merke. Det har vore og er mange band mellom klubbane, og tre av aktørane på matta denne gong møter gamleklubben.

Den strålande karen Tarjei Omenås reiste heim til Ålebyen og AaFK før årets sesong. Han var ein solid kar i keepergruppa vår, og ein som gjorde sitt for å halda humøret oppe i troppen. Ta godt i mot han!

I kvitedrakta har me Akeem Latifu som tidlegare har spelt for tangotrøyene, og på midtbana har me midtbanegeneral Bjørn Helge Riise, som spelte ein god kamp mot Åsane. Han gler seg veldig til møtet med gamle lagkameratar. 


 

 Vêrmeldinga
Sist helg var det regnkle som gjaldt, då det bøtta ned over Vestlandet. Denne helga har me so langt hatt eit strålande vakkert haustvêr. 

Finvêret skal halda fram i morgon, noko som gjer at det blir kaldt. I morgon bør ein på med sokkabrok og varme klede. Hue, skjerf, pledd m.m får ein kjøpt i SogndalBui, som sjølvsagt har ope i tida før avspark.

Vår tolvte mann!
Det er venta mange sunnmøringar på kamp. Nokre er allereie her i bygda, og fleire kjem i morgon. Dei med hjarta i svart og kvitt bør difor ta turen på Fosshaugane slik at det ikkje er tvil om kven som er på heimebane. På Haugadn er det me som skal bestemma.

Billett til kampen kjøper du her

Me legg ut kamptroppen klokka 16 og laget klokka 17 i morgon.

Sogndal - Aalesund
Fosshaugane Campus
Avspark sundag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: