Før Avspark

Aalesund - Sogndal, Color Line Stadion, Avspark klokka 18.00

Me er klare for 2. kvalikkamp, og i dag har me reist til våre vener på Møre. Det er duka for ein skikkeleg opprykksthriller: Aalesund - Sogndal.

Me har altså knapt nok fått pulsen ned på normalnivå etter 1-0 sigeren mot Ull/Kisa på sundag, der Sigurd Haugen sendte sogningane til himmels med skåringa si to minutt på overtid.




I Ålesund hadde heimelaget Nest-Sotra på besøk, og det vart ein høgdramatisk kamp der ein spelar og begge trenarane fekk sjå raudt kort. Tangotrøyene vann 1-0, men strilane hadde fleire store sjansar og hadde igrunnen fortent sigeren, fortel rapportane.

Det skal avgjerast kven som skal møta Stabæk i opprykksfinalen. I dag er det som sist veldig greitt. Det er vinn, eller forsvinn. Kampen skal avgjerast og me skal ha ein vinnar. Står det uavgjort etter full tid, blir det ekstraomgangar (2x15 minutt). Er det framleis uavgjort etter dei, skal det heile avgjerast på straffekonk.

Bjørn Helge Riise gler seg som ein gutunge til kampen





Trenar Eirik Bakke likar at me kjem som underdog, med alt å vinna.

Det kostar kr. 100,- for inngangsbillett, og den kan du kjøpa på nettet her.

Det er eit vêrskifte på gang. Etter ein periode med kuldegrader og solskin, skal det nå bli litt meir ruskete. I Ålebyen seier Yr at det vil vera rundt ti grader under kampen, Storm er litt meir nøkterne med seks grader, og dei har óg lagt inn litt regn i 2. omgang. Det blir uansett ikkje so kaldt som me hadde det på søndag!

Sportsleg leiar Håvard Flo har spelt kvalik mot Ålesund før, og han gler seg til kampen.




Me håpar at mange sogningar tek turen og hjelper karane vidare i kvaliken. Vår tolvte mann har vore fantastisk i heile år, og me skal gjera alt for at våre kjære supporterar skal reisa heim frå Møre med store smil.

2. kvalifiseringskamp for Eliteserien 2019
Aalesund - Sogndal
Color Line Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: