Før Avspark

Åsane - Sogndal, Myrdal Stadion, Avspark klokka 15.00

Me er klare for runde 27 av årets OBOS-liga, og i dag har me reist til byen. Klokka 15.00 brakar det laust på Myrdal Stadion med oppgjeret Åsane - Sogndal.

OBOS-ligaen har hatt ein pause, og no går me inn i den siste og avsluttande bolken av årets seriespel. Det står att fire kampar, og me skal møta Åsane borte, Aalesund heime, Tromsdalen borte og Notodden heime.

I går sikra Sogndal 2 retten til å spela i 3. divisjon også i 2019 då dei slo Tertnes 1-0 på Fosshaugane. Me gratulera Håvard Hatle sine gutar!

Noko å revansjera
Me gjekk på eit veldig tungt 1-4 tap då me møtte Åsane på Fosshaugane i mai. Det har heller ikkje gått slik me hadde håpa no i haust, og det var ein revansjesugen gjeng som reiste heim frå Sandnes for å trena inn mot denne kampen.

Runden
Sju av rundens kampar går i dag, den siste på tysdag. Slik er oppsettet:

Tromsdalen - HamKam kl. 13.00
Ull/Kisa - Kongsvinger kl. 15.00
Åsane - Sogndal kl. 15.00
Levanger - Florø kl. 18.00
Mjøndalen - Jerv kl. 18.00
Notodden - Strømmen kl. 18.00
Sandnes Ulf - Nest-Sotra kl. 18.00

Tysdag
Aalesund - Viking kl. 19.00

Vêrmeldinga
I dag er det ein ting som gjeld: Regnkle! Det skal bøtta ned over Bergen i dag, og gradene skal ligga i underkant av ti-talet.

Vår tolvte mann!
Det er funksjonærtur til Bergen denne helga, og Saftkokaradn kjem med buss. Me håpar at også alle sogningane i byen tek turen ut til Åsane for å støtta karane i kampen om viktige poeng. Billetten kjøpast på stadion.

Dagens kamptropp kjem klokka 13, og lagoppstillinga rundt klokka 14. 

Åsane - Sogndal
Myrdal Stadion
Avspark klokka 15.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: