Før Avspark

Sogndal - Åsane, Fosshaugane Campus, 16. mai klokka 18.00

Fotballens store festdag er her! Det er 16. mai, og me har heimekamp.

I kveld får me besøk av Åsane Fotball, med parhestane Mjelde og Mangersnes på trenarbenken, og den gamle storskåraren Eirik Huseklepp på topp. På midtbana har dei ein årdøl i Jonas Hestetun.

Sist me møtte gutane til Mons og Tom var i mars. Det var treningskamp, og den vann me. I serien møtte me dei her i 2015. Då vart resultatet 3-0 etter skåringar av Jim Johansen (2) og Robin Shroot.


Åsane har hatt ein sesongstart der dei kanskje har vore litt betre enn forventa. So langt har dei vunne mot Levanger og Florø, spelt uavgjort mot HamKam og Jerv, og tapt mot Strømmen, Viking og Aalesund.

Våre resultat har ikkje heilt stått i stil med forventningane før seriestart, og på sundag gjekk me på sesongens første tap då Ull/Kisa slo oss 2-0. Me lyt bretta opp ermene og slå tilbake i dag. Gutane er klare til kamp.

Runden
Runde 8 av årets OBOS-liga har nokre godbitar:

Tromsdalen - Levanger kl. 16.30
Aalesund - Strømmen kl.18.00
Jerv - Notodden kl. 18.00
Kongsvinger - HamKam kl. 18.00
Mjøndalen - Ull/Kisa kl. 18.00
Sogndal - Åsane kl. 18.00
Viking - Sandnes Ulf kl. 18.00
Florø - Nest-Sotra kl.18.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå VG Live

Vêrmeldinga
Det flotte sommarvêret me har hatt dei siste dagane, ser ut til å ha teke seg ein pause. I dag er det litt grått i Sogndal, men meldinga seier at det skal bli lettare utover mot kampstart, og under kampen skal sola vera tilskodar. Gradestokken vil ligga på rundt 14, noko som må vera ganske behageleg for dei utpå matta.

Billettar
Me håpar at mange tek turen og støttar gutane i dag! BillettBui opnar lukene klokka 16.00, og du kan kjøpa billett på nett her.

Sogndal - Åsane
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

Annonse fra Obos-ligaen: