Før avspark

Sogndal - Strømsgodset

Me er framme ved runde 4 av Eliteserien 2017, og i morgon er det Strømsgodset som kjem på besøk til Fosshaugane Campus.

Me har allereie møtt Godset i år. Det gjekk skikkeleg gale på Marienlyst, men det var treningskamp. Me satsar på at me lærte noko av 0-5 i Drammen.

Slik gjekk det i fjor
I fjor møtte me Godset borte i vårkampen. Me reiste frå Drammen med null poeng, etter at gutta hadde lagt ned ein kjempejobb. Me hadde fortent eitt, om ikkje alle, i kampen som enda 2-1 til laget frå Gamle Gress.


I returoppgjeret hadde me to ballar som suste i metallet bak Bugge Pettersen i Godset sitt mål, saman med fleire andre store sjansar. Ballen ville ikkje inn. Heilt på tampen fekk drammensarane ei skåring som vakte frustrasjon hjå alle med hjartet sitt i Sogndal. 0-1 og poenga over fjellet.


Som me kan sjå, har me ein del å revansjera. Gutta er óg gira etter å reise seg etter smellen på Alfheim sist søndag. I morgon skal poenga bli att på Fosshaugane.

Dårleg poengfangst mot Godset
Me har ikkje så god statistikk mot Godset. I 2014 vart det 1-3 på Fosshaugane og 1-1 i Drammen. Året før vart det null poeng og resultata vil me ikkje eingong snakka om (1-8 samanlagt). I 2012 tapte me 3-0 i Drammen og spelte 1-1 heime. I vår aller første kamp i Tippeligaen 2011 vart me rundspelt av Godset på Gamle Gress i 88 minutt, før me fekk straffe og reduserte til 1-2, og skapte store sjansar på overtid. På Fosshaugane vart det 1-1.

Eirik Bakke og Henrik Furebotn StrømsgodsetB 2011 Foto - Rune Sjøberg

So langt i år
Strømsgodset har hatt ein trang start på Eliteserien. Dei starta godt heime mot Haugesund (3-1), men fekk det veldig tøft mot Brann i Bergen (tap 0-3). Mot Aalesund sist vart det 1-1. Då pøste heimelaget på med den eine sjansen etter den andre i andre omgang, Marcus Pedersen bomma på straffe, og dei hadde fortent tre poeng. Før runden ligg Godset på ein 8. plass med 4 poeng.

Me har møtt laga som etter tre runder ligg på 1., 3. og 5. plass på tabellen. Etter 3-1 til Sarpsborg i Østfold, slo gutta til med 4-1 heime mot Stabæk. Sist vart det 3-0 til Tromsø på Alfheim, ein kamp me burde leia med eit par mål etter det første kvarteret. Me ligg på ein 10. plass med 3 poeng.

17492324_10155053323021544_6960196871065386980_o

Sjå opp for!
Marco Tagbajumi har skåra tre mål for Godset so langt i år, og er ein me ikkje bør sleppa til. Drammensarane har terpa på forsvarsspel den siste veka. I alle dei tre kampane til no har dei sluppe inn mål i mot dei første 20 minutta. Keeper Espen Bugge Pettersen er ute med langtidsskade, Eirik Ulland Andersen og Mounir Hamoud har vore ute med skade men er truleg ikkje klare til i morgon.

Vår skadesituasjon
Me har Ole Amund Sveen ute med sitt beinbrot. Totningen er heime i Redalen på påskeferie, og er diverre ute resten av året. Taijo Teniste fekk seg ein lyskestrekk mot Tromsø, og er ute intil vidare. Kristinn Jónsson har vist bra framgang med tanke på lårskaden sin, men det er nokre veker til han er tilbake for fullt. Kasper Nissen er heime i Danmark, og positivt der er at rehabiliteringa etter operasjonen går veldig bra, og han ligg foran skjema.

VG Live ligg morgondagens kampoppsett, samt alt av statistikk frå sesongen so langt.

Her får du kjøpt billett til kampen.

Sogndal - Strømsgodset
Fosshaugane Campus
Måndag 17/4 - Avspark kl. 18:00

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: