Før Avspark

Haugesund - Sogndal

Runde 7 av Eliteserien er i gong. I kveld har det vore derbylørdag i nabofylket. På Aker Stadion vart det bortesiger og 0-1 mellom Molde og AaFK, etter at Mos sendte Tangotrøyene i leiinga på vakkert vis rett før pause.

I morgon skal me ut mot Haugesund i sildabyen. Det er eit lag me har hatt godt tak på dei siste åra, og me skal jobba hardt for at denne tradisjonen held stand etter helgas runde.

Bjørn Inge Utvik i heimbyen.

Det er noko spesielt for den unge, men rutinerte stoggaren vår når han møter gamleklubben i heimbyen. På tribuna sit det mange kjente, og det var her han fekk debuten frå start i Tippeligaen.

Me tok ein prat med Bjørn Inge etter treninga i går.


Bakke gler seg

Trenar Eirik Bakke er inne i ein utfordrande periode som trenar. Han har sett den eine spelaren etter den andre hamne på skadelista og poenga har uteblitt i det siste, men Eirik ser fram til mai med optimisme. Ingen veit betre enn han korleis det kan svinga i fotballen, og me har vore i denne situasjonen før. 

Me huka tak i ein blid trenar etter gårsdagens treningsøkt.




Slik gjekk det i fjor
Me var vertskap i fjorårets vårkamp, og sendte Arabarane  tomhendte heim etter at Mahatma Otoo skåra etter assist frå kaptein Bolli


Me var ikkje snauare enn at me tok med oss tre poeng på bussen heim etter returkampen óg. I krigen, som det ofte er mellom desse to laga, stod me i mot køyret til heimelaget, og det var Ole Amund Sveen som banka ballen i garnet bak ein frustrert heimekeeper.




Godt tak på Haugesund
Me har som sagt hatt godt tak på heimelage dei siste åra, og må heilt tilbake til 2011 for å sjå sist Haugesund gjekk av bana med 3 poeng. Då vann dei 4-0 og Bakke fekk gult kort. Heime slo me dei 3-1 etter to skåringar av Ole Jørgen Halvorsen, og ein litt sjelden skåring av sjølvaste Mats Solheim.

I 2012 vart det 1-1 og 0-0, og i 2013 tok me alle poenga med heim etter at Malick Mane skåra på straffe i det som altso var debutkampen (frå start) til Bjørn Inge. Heime vart det 1-1.

2014 var tungt og me rykka ned. Men mot Haugesund var det fest og fyr i teltet. På Haugalandet fekk Bjørn Inge lov til å avslutta skåringsfesten då han satte inn 0-3. Otoo og Valgardsson skåra dei første måla. Heime var det leikestove, og me tok ein 4-1 siger etter skåringar av Ulrik Flo, Tim Nilsen (2) og Otoo.

Malick Mane HaugesundB 2013 Foto - Rune Sjøberg (3)
Malick Mane mot Haugesund i 2013 (Foto: Rune Sjøberg)

VG Live ligg morgondagens kampoppsett, samt alt av statistikk frå sesongen so langt.

Me håpar at alle sogningane i Rogaland tek seg til Haugesund Stadion og støtter gutta i morgon!

Haugesund - Sogndal
Haugesund Stadion
Avspark sundag kl. 18:00

Stao no pao!


Annonse fra Obos-ligaen: