Før Avspark

Jerv - Sogndal, Norac Stadion i Arendal, sundag kl. 18.00

Me gjer oss klar til den 17. serierunden av OBOS-ligaen 2018, og vår første bortekamp etter sommerferien.

Denne helga har me teke turen sørover for å spela mot Grimstad-laget Jerv. 

Merk: Kampen er flytta til Arendal, då Levermyr Stadion i Grimstad er under utbetring.

Les meir: Kampen mot Jerv går i Arendal

Sogndal - Jerv 2018 013 Stanisa Mandic Foto Rune Sjøberg
Stanisa Mandic frå kampen i juni (Foto: Rune Sjøberg)

Det er ikkje mange vekene sidan me møtte dei gulkledde. Midt under Lerum Cup barka laga i hop, men det vart på ein måte festen som aldri tok heilt av. 0-0 og poengdeling, og det tredje uavgjorte oppgjeret på tre kampar mellom desse laga.

Kampen
Jerv er eit vanskeleg lag å møta. Me må ikkje tru at kampen mot Viking (tap 4-1 sist helg) gjev eit bilete på kva gutane til Arne Sandstø står for. Det merka me på Fosshaugane i juni.

- Dette er årets vanskelegste kamp, og me må ta på oss arbeidshanskane på Sørlandet óg, seier trenar Eirik Bakke før kampen. Eirik såg at gutane hans måtte slita mot HamKam sist helg, og sa allereie rett etter kampslutt at me måtte opp nokre hakk mot Jerv.

- Me går for tre poeng, og er klare til å kjempa og jobba for at poenga skal heim til Sogn.

Sogndal - Jerv 2018 017 Akeem Latifu Foto Rune Sjøberg
Trygg og god på høgrebacken: Akeem Latifu (Foto: Rune Sjøberg)

Sidan sist har Victor Grodås reist frå oss, og me har fått inn Nikita Baranov som ny stoppar i gjengen. Ulrik Fredriksen, som torsdag var med G19-landslaget på å kvalifisera seg til VM neste år, sluttar seg óg til troppen.

Runden
Me står foran runde 17, som har desse kampane:

Florø - Tromsdalen
Jerv - Sogndal
Levanger - Åsane
Nest Sotra - Mjøndalen
Notodden - Aalesund
Sandnes Ulf - Ull/Kisa
Strømmen - Kongsvinger

Tysdag:
HamKam - Viking

Alle kampane startar klokka 18.00 (HamKam - Viking på tysdag startar 19.00), og for alt av statistikk rundt OBOS-ligaen, kan du klikka her.

Er du ikkje på kampen i Arendal, kan du følgja kvart spark på Firdaliven!

Vérmeldinga
Ei ny, fantastisk veke ligg bak oss, og i Arendal får me sol, lettskya, og i overkant av 20 grader.

Me håpar at me får sjå deg på kampen på Norac Stadion i Arendal.

Me kjem med dagens kamptropp klokka 16.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 17.00. 

Me håpar at det blir bra trøkk på og utanfor bana i dag, me gler oss til fotballfesten!

Sogndal - Jerv 2018 021 Slossing Sigurd Haugen Ulrik Flo Joachim Soltvedt Per Magnus Steiring Ulrik Fredriksen Foto Rune Sjøberg
Friske tak då me møtte Jerv i juni (Foto: Rune Sjøberg)

Jerv - Sogndal
Norac Stadion, Arendal
Sundag 29/7 klokka 18.00

Stao no pao!!

Slik er tabellen før denne runden.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

Annonse fra Obos-ligaen: