Før Avspark

Sogndal - Jerv, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 20.00

Me er framme ved runde 14 av årets OBOS-liga. I kveld byr me opp Jerv frå Grimstad til dans midt under vår eigen fotballfest Lerum Cup

Sommarens vakraste cupeventyr starta i går, og som tidlegare år står den vakre bygda vår på hovudet denne helga med over 8000 tilreisande og 255 deltakande lag. Det er eit yrande liv!

Thea Wigum har vore rundt med kamera.

Kampen
Karane er inne i ein fin stim. Me ser meir og meir konturane av eit lag som står opp i lag, med gutar som jobbar fletta av seg for kvarandre. No har me ein del sigrar på rad, og då kjem noko av det vanskelegste i fotballen - å halde trøkket oppe. Det har vore ei god treningsveke etter kampen mot HamKam, med godt humør, god intensitet, og bra trøkk.

Me snakka med trenar Eirik Bakke etter treninga på fredag.



 

 Me har ikkje spelt veldig mange kampar mot Jerv opp igjennom åra, då dei er nokså ferske i toppfotballen. I 2015 møtte me dei to gonger. Det vart 0-0 på Levermyr i Grimstad og 1-1 på Fosshaugane. Sidan då har trenar Steinar Pedersen takka for seg, men ny trenar inn er den lure reven Arne Sandstø som styrer skuta vidare med veteranen Glenn Andersen i forsvaret.

Jerv tek dei fleste poenga sine heime. Der står dei bokført med tre sigrar og tre uavgjort. På bortebane har dei vunne to, spelt ein uavgjort og tapt fire. Verdt å merke seg er at dei har tapt dei tre siste bortekampane og klør nok etter å retta opp den statistikken. Dei kjem til å kjempa med nebb og klør i dag.

Les meir om Jerv her

Runden
Det er sju kampar som går av stabelen i dag, og ein kamp på tysdag i denne Runde 14 av årets Obos-liga.

Viking - HamKam kl. 15.00
Aalesund - Notodden  kl.18.00
Kongsvinger - Strømmen  kl. 18.00
Tromsdalen - Florø kl.18.00
Ull/Kisa - Sandnes Ulf kl. 18.00
Åsane - Levanger kl. 18.00

Sogndal - Jerv kl. 20.00

Tysdag
Mjøndalen - Nest-Sotra kl.19.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå Altomfotball

Vêrmeldinga
Det vil vera overskya og fare for regn under kampen, temperaturen vil vera på rundt 13 grader.

BillettBui opnar klokka 18.00. Kjøp billetten på nett her.

Me kjem med dagens kamptropp klokka 18.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 19.00.

Me håpar at det blir fullt trøkk på og utanfor bana i dag, me gler oss til fotballfesten!

Sogndal - Jerv
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 20.00

Stao no pao!!

Slik er tabellen før denne runden.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

Annonse fra Obos-ligaen: