Før Avspark

Kongsvinger - Sogndal, Gjemselund Stadion, Avspark klokka 18.00

Sogndal Fotball har reist over fjellet og klokka 18.00 i dag skal me spela på ein arena me ikkje har spelt på sidan 2009. Det er klart for den 22. serierunden, og våre gutar skal møta Kongsvinger.

Då me møtte laget frå dei djupe skoger i den 4. serierunden, slo gutane våre til med ein solid 4-1 siger.


Runden
Alle kampane i runde 22 går i dag. Me ser fram mot desse oppgjera:

HamKam - Åsane kl. 14.00
Ull/Kisa - Aalesund kl. 15.00
Tromsdalen - Sandnes Ulf kl. 16.00
Jerv - Florø kl. 18.00
Kongsvinger - Sogndal kl. 18.00
Mjøndalen - Notodden kl. 18.00
Nest-Sotra - Strømmen kl. 18.00
Viking - Levanger kl. 18.00

Kampen
Me har ikkje levert slik publikum og klubb ønskjer å sjå Sogndal i dei siste kampane. Men det er no historie, og me ser framover. No må me opp på hesten, ta på arbeidshanskane, tetta att bak og kjempa med nebb og klør. Me var skuffa på tysdag, og det er ein revansjesugen gjeng som skal utpå Gjemselund i dag.



Eirik Bakke har planen klar.

Kjetil Wæhler er ute med karantene, og me har nokre karar på skadelista. Me har reist over med ein bra tropp likevel, og lysluggen frå Fauske gler seg til kamp.



Følg kampen på Firda sitt Livesenter

Vêrmeldinga
Det kjem eit snev av sommar over landet i dag, skal ein tru folka på Yr, og det skal me jo. Dei fortel om strålande sol og grader i underkant av 20-talet under kampen, slik at me på tribuna kan vurdera kortbrok i dag.

Publikum
Me håpar at det kjem mange sogningar til Kongsvinger i dag, då me treng vår tolvte mann når me skal snu skuta. 
Slik finn du fram til Gjemselund Stadion
Her er info om billettar for Saftkokarar og andre i Svart og Kvitt.

Me gler oss til kamp!

Kongsvinger - Sogndal
Gjemselund Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: