Før Avspark

Kristiansund - Sogndal

Me har ein vakker laurdagskveld her i verdas einaste Eliteserie-bygd, og i morgon skal gutane våre kjempa om tre nye poeng mot nyopprykka Kristiansund.

Me skriv runde 11 av Eliteserien 2017. To lag har allereie vore i elden: Sandefjord og Odd delte poenga i eit lokalderby som enda 0-0 i kvalfangarbyen.

Runde 11 består av desse spennande oppgjera:

Laurdag
Sandefjord - Odd 0-0 (ferdigspelt)

Sundag
Brann - Aalesund kl.18.00
Kristiansund - Sogndal kl. 18.00
Haugesund - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Lillestrøm - Tromsø kl. 18.00
Molde - Stabæk kl 18.00
Vålerenga - Rosenborg kl. 20.00

Måndag
Strømsgodset - Viking kl. 19.00

Slik er tabellen før sundagens kampar

Skjermbilde 2017-05-27 19.54.05

Kristiansund so langt i år 
Dei fleste spådde Kristiansund ein svært tung sesong før sesongstart, men Espen Næss Lund sin gamle klubb har overraska i nokre kampar og teke heim tre sigrar og to uavgjort. Sesongen starta som venta, med to tap mot Molde og Odd, før dei tok ein sterk 1-0 siger mot Brann. To nye tap kom deretter mot Sandefjord og Sarpsborg 08, før dei fekk ein god oppsving på poengfangsten. Dei er vanskelege å bryna seg på på heimebane, og me må vera gode og smarte i morgon om me skal ta med oss poeng på flyet heimatte.

Kristiansund sine 5 siste kampar
Kristiansund - Strømsgodset 2-0
Tromsø - Kristiansund 1-1
Kristiansund - Lillestrøm 1-1
Vålerenga - Kristiansund 1-0
Kristiansund - Haugesund 3-2

Sogndal so langt i år
Det vart eit lite antiklimaks mot slutten på Brann-kampen. 2-0 vart til 2-3 og me gjekk skuffa heim frå festen. Mai har likevel vore ein god månad for Eirik Bakke sitt mannskap, etter at april var heller skral. Skadeproblematikken har prega kampane og treningsvekene, men no er det fleire som har meldt seg på og me går sjølvsagt for tre nye poeng i morgon.

Sogndal sine 5 siste kampar
Sogndal - Lillestrøm 0-1
Haugesund - Sogndal 0-0
Sogndal - Viking 4-0
Molde - Sogndal 1-2
Sogndal - Brann 2-3

Vêrmeldinga
I morgon ser det ut til at me reiser frå sommarvarmen og sola til kjøligare vêr. Yr og Storm er ikkje heilt einige, men det ligg an til regn og småkaldt, rundt ti grader.

Billettar og stadion
Her er litt info om arenaen me skal til i morgon: Kristiansund Stadion
Kjøp billett på nettet her.
Bortesupportarane har plass på KBBL-Tribunen felt A og B.

Les meir om Kristiansund her

Kristiansund - Sogndal
Kristiansund Stadion
Sundag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: