Før Avspark

Levanger - Sogndal, TOBB Arena, Avspark klokka 18.00

Me er framme ved runde 11 av årets OBOS-liga, og i dag har me teke turen nordover, heilt opp til Bartelandet. Det er duka for oppgjeret Levanger - Sogndal.

Sist me var i OBOS-ligaen, vart me fullstendig rundspelt i Levanger. Gutane var forlengst klare vinnarar av divisjonen, og dei møtte ikkje på jobb denne vindfulle søndagen. 4-1 vann trønderane, og me måtte ta heimturen over Dovre med halen mellom beina. 

Trenar Eirik Bakke er klar på at me har noko me vil revansjera, då me har skral poengfangst i Trøndelag. Poenga kjem i dag, og me skal spela "mannfolkfotball" i Levanger for å få dei.


Lars Christian Kjemhus var med på kampen i Levanger sist, og den fotrappe bergensaren har hatt ein lang veg tilbake frå skade. No er han frisk og på hogget, og han spelte ein god kamp sist då me slo Strømmen 5-1. Me snakka med Lars Christian etter treninga fredag.


Me har rett og slett ein dårleg statistikk mot Levanger. Dei slo oss i begge oppgjera i 2015 med 3-1 på Fosshaugane, og 4-1 i Levanger. Ser me vidare på statistikk mot trønderlag so kan ein sjå at både Rosenborg og ikkje minst Ranheim har gjort livet surt for oss meir enn me likar å tenkje på. Det er på tide at me gjer noko med dette i dag.

Lars Christian Kjemhus var med sist i Levanger, han er motivert for å revansjera den kampen med siger i dag.
Lars Christian er veldig motivert foran dagens kamp 

Levanger har vel hatt ein sesongstart som forventa. Dei står bokført med 3 sigrar, 2 uavgjort og 5 tap. Sist slo dei Florø 2-0 på bortebane. Dette bidreg med energi inn i treningsveka, og det er ein skjerpa gjeng me skal ut mot. Karane våre må vera påskrudd frå start og trøkka til.

Etter ein periode der alt gjekk i mot oss, har me reist oss og slege tilbake. Dette har også gjort sitt til at stemninga i gruppa er merbart lettare no enn for berre nokre veker sidan. På treningsfeltet denne veka har det vore høg intensitet og god stemning.

Runden
Runde 11 tjuvstarta i går, der Kongsvinger slo til og knuste Sandnes Ulf med 3-0 i Sandnes. Me kan soleis passera laget frå sykkelbyen med eit godt resultat i dag.

Viking-Florø er utsett grunna landslagsuttak.

Slik går runde 11: 
Sandnes Ulf - Kongsvinger 0-3 (spelt laurdag)
Ull/Kisa - Tromsdalen  kl.15.00
HamKam - Jerv kl. 18.00
Levanger - Sogndal kl. 18.00
Nest-Sotra - Aalesund kl. 18.00
Strømmen - Notodden kl. 18.00
Åsane - Mjøndalen kl. 18.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå Altomfotball

Vêrmeldinga
Heime har me verkeleg hatt flotte dagar dei siste vekene, med grader opp mot 30-talet i Sogndalsfjøra. Det blir litt svalare i Trøndelag under kampen, og på Yr kan ein sjå at det er meldt overskya, laber bris og rundt tolv grader mellom klokka 18 og 20 i kveld.

Billettar
Me håpar at ein del tek turen og støttar gutane i dag! Mot Nest-Sotra hadde me ein tolvte mann i publikumet. Difor håpar me at sogningane i Trøndelag kjem på kamp. Her er billettinfo, du kan også kjøpa billetten på stadion. Vegbeskrivelse finn du her.

Levanger - Sogndal
TOBB Arena
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: