Før Avspark

Molde - Sogndal

Det er klart for fotballens festdag, og me er framme ved runde 9 av Eliteserien 2017.

Det er noko spesielt med 16. mai og fotballen i Norge. Då går publikum mann av huse, og fyller opp arenaene rundt om. Dei store publikumslaga får ofte heimekamp, og i år skal me til Aker Stadion i Molde.

I morgon har me desse spennande oppgjera:

Brann - Sandefjord kl. 18.00
Haugesund - Odd kl. 18.00
Lillestrøm - Sarpsborg 08 kl.18.00
Molde - Sogndal kl. 18.00
Viking - Aalesund kl. 18.00
Vålerenga - Kristiansund kl. 18.00
Rosenborg - Tromsø kl. 20.00
Strømsgodset - Stabæk kl. 20.00

Me gjekk opp nokre plassar etter 4-0 mot Viking på laurdag. Tabellen før morgondagens kampar ser slik ut:

Skjermbilde 2017-05-15 18.10.24

Molde so langt i år 
Våre vener i Molde har hatt ein ujamn sesong so langt. Det starta greitt med to sigrar i starten, og so kom Rosenborg på besøk. Trønderane trakk det lengste strået og vann 2-1, men Ole Gunnar sine menn slo tilbake og sendte Vålerenga heim med stygge 0-4 i bagasjen i kampen etter. Deretter har dei spelt fire kampar utan siger, og dei står med to strake tap. 0-1 på Røkkeløkka mot erkerival AaFK svei nok. Betre var det ikkje på laurdag, då dei vart slakta av Brann i Bergen. Der vart det 4-1 til heimelaget.

Molde sine 5 siste kampar:
Molde - Vålerenga 4-0
Haugesund - Molde 0-0
Sandefjord - Molde 3-3
Molde AaFK 0-1
Brann - Molde 4-1

Sogndal so langt i år
Etter ein trang start på sesongen, der 4-1 heime mot Stabæk var lyspunktet, skjedde det noko med gutta i Haugesund. Då var gløden og viljen tilbake, og gutta kjempa heroisk inn eitt poeng i ein dramatisk kamp med beinbrot, strafferedning, raudt kort og meire til. Med eit halvt lag på skadelista, henta Flo & Bakke inn to garva veteranar i Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund. Og Viking fekk så hatten passa på laurdag. Me sprang siddisane i senk, og tok ein fullt fortent 4-0 siger på heimebane. Gilbert Koomson skåra hattrick, men samtlege av gutta la ned stor innsats.

Sogndal sine 5 siste kampar:
Sogndal - Strømsgodset 1-1
Vålerenga - Sogndal 3-0
Sogndal - Lillestrøm 0-1
Haugesund - Sogndal 0-0
Sogndal - Viking 4-0

Vêrmeldinga
Det ligg ikkje an til at me får sol og varme under kampen, då både Yr og Storm har regn på sine vêrkart. Det er ein liten sol i regnet på Storm sitt kart, så då trur me mest på dei denne gong. Gradestokken vil stoppa på 14 grader.

Billetten til kampen kjøper du på stadion om du skal stå på bortefeltet. Inngang er Port 6.

Les meir om Molde her

Aker Stadion på kartet

Her er VGTV sitt magasin før runden. 

Molde -Sogndal
Aker Stadion, Molde
Tysdag 16/5 klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: