Før Avspark

Sogndal - Raufoss, Fosshaugane, Søndag klokka 18.00

Me er klare for årets femte serierunde. Det blir eit gjensyn med Raufoss på Fosshaugane i dag, og karane er ivrige etter å kome i gong att etter ein liten pause.

Det er ei stund sidan me spelte mot Raufoss i seriespel. For tolv år sidan var dei hjå oss i 3. serierunde. Då satt Ulrik Flo på benken i lag med Andreas Moen, som vart matchvinnar på overtid. Me vann 2-1. Raufoss rykka ned i 2007, og me møtte dei ikkje før ti år seinare i cupen. På Toten i 2017 slo med dei 2-0 etter skåringar av Bendik Bye og Espen Næss Lund.

Me hadde spelefri i runde 4. HamKam har skifta kunstgraset på Briskeby, difor er den kampen utsett til 8/5. Det er altså eit par veker sidan me spelte kamp sist. 

Me slo Notodden med 4-1 i ein kamp der me kunne ha vunne mykje meir. No må me ta med oss det gode frå den kampen, då skal Raufoss få kjenna på det i dag.

- Me må ha tempo i alt me gjer, sa trenar Eirik Bakke då me snakka med han etter treninga i går.


Runden
Start og Sandefjord møttest laurdag og delte poenga i ein kamp som enda 2-2. 

Start - Sandefjord 2-2 (spelt laurdag)

Notodden - AaFK kl. 15.00
Kongsvinger - Jerv kl. 18.00
Nest-Sotra - Ull/Kisa kl. 18.00
Sandnes Ulf - KFUM Oslo kl. 18.00
Skeid - Tromsdalen kl. 18.00
Sogndal - Raufoss  kl. 18.00
Strømmen - HamKam 18.00

Ole Amund Sveen møter gamleklubben i dag





Ulrik Fredriksen lovar topp innsats mot Raufoss

Vêrmeldinga
I dag er det ganske so grått her i Sogndal, etter nokre veker med eventyrlig vêr som har gjort at våren allereie har festa seg godt i den vakre bygda vår. Under kampen er det meldt lettskya og behageleg temperatur, rett i overkant av 15 grader.

Kle deg i Svart og Kvitt! 
Det er gode tilbod på nokre Sogndal-trøyer med bittesmå feil i SogndalBui. I Bui har me masse flott. Kle deg i svart og kvitt og kom på kamp!

Kom på kamp!
Me har veldig lyst til å sjå deg på kamp i dag. Karane er ivrige etter å spela kamp, og me håpar at dei som kjem på Fosshaugane vil gå heimatt med eit smil rundt munnen i kveld.

Kjøp billett til kampen her

5.runde av OBOS-ligaen 2019

Sogndal - Raufoss 
Fosshaugane 
Avspark søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: