Før Avspark

Sogndal - Rosenborg, Fosshaugane Campus laurdag kl. 15.30

Me er framme ved runde 17 av årets Eliteserie, og me tek i mot Rosenborg til fotballfest på Fosshaugane Campus. Avspark er laurdag klokka 15.30

Slik gjekk det då me møtte dei for knappe tre veker sidan.


Me stod godt i mot heimelaget på Lerkendal i første omgang. Rosenborg hadde dei fleste sjansane, men det vart ikkje so mykje utav det. Etter ein times spel starta sju minutt som me helst skulle vore forutan. Då rann det inn tre skåringar feil veg, slik at heimelaget tok ein komfortabel 3-0 siger.

Me har altso noko å revansjera!

Det er 19 år og ei veke sidan sist me slo Rosenborg på heimebane. Gjengen til Bakke og kompani er svært svoltne på at det i framtida skal stå at me slo Norge sitt beste lag i 2017. Me klarte det nesten i fjor. I år skal me ta dei.

Dette er runde 17:

Laurdag
Sogndal - Rosenborg kl. 15.30
Lillestrøm - Ståbæk kl. 18.00

Sundag
Haugesund - Aalesund kl.18.00
Molde - Strømsgodset kl. 18.00
Odd - Viking kl. 18.00
Sandefjord - Tromsø kl. 18.00
Brann - Sarpsborg 08 kl. 20.00

Måndag
Kristiansund - Vålerenga kl. 19.00

For alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Les også: - Blir ny krig mot Sogndal

Sjå intervju med Eirik Bakke her.

Vêrmeldinga
Årets sommar har vore heller skral, men under kampen kan det bli triveleg for dei som vil ha sol og varme grader. Me likar best Yr sitt varsel denne gong, der er det lettskya og solskin, og rundt 20 grader under kampen.

BillettBui opnar lukene klokka 13.30. Det er selt ein del billettar, difor kan det vera lurt å ta turen til Fosshaugane i god tid denne laurdagen. Me har framleis billettar att til festen, desse finn du også på nettet her.

Sjå intervju med Per Magnus Steiring her.


Sogndal - Rosenborg
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15.30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: