Før Avspark

Sogndal - Skeid, Fosshaugane, Avspark klokka 18.00

Me er klare til runde 12 av årets OBOS-liga, og i dag får me besøk av Skeid.

Me er midt i sommarens vakreste eventyr. Denne helga er det eit yrande folkeliv i bygdi, med mykje fotballglede og ivrige, unge fotballspelarar. Og når det er Lerum Cup, er det tradisjonen tru fotballfest og kamp med A-laget. I kveld byr me opp Skeid til dans!

Trenar Eirik Bakke ser tilbake på hans tid som deltakar under Lerum Cup, og inn mot kampen i kveld.


Karane er i form! Me hadde fortent sigeren mot Brann på onsdag.

Det er gått nokre år sidan me sist møtte Oslo-laget. Med trenar Tom Nordlie ved roret har det nyopprykka laget starta sesongen bra. 

Me håpar at mange tek turen! Ein som allereie er på plass er Erik Fung frå Hong Kong. Han er her for fjerde gang for å heia på favorittlaget, det er fantastisk å ha ein slik supportar!

Runden
Dette er den 12. serierunden av årets OBOS-liga, og den tjuvstarta i går då Sandefjord slo Ull/Kisa med 3-2. I Kristiansand stod Notodden for ein bragd då dei påførte Start eiin stygg ripe i lakken. 0- vart det der. Her er rundens kampar:

Sandefjord - Ull/Kisa 3-2 (Spelt laurdag)
Start - Notodden 3-0 (Spelt laurdag)

KFUM - HamKam kl. 18.00
Nest-Sotra Jerv kl. 18.00
Raufoss - AaFK kl. 18.00
Sandnes Ulf - Tromsdalen kl. 18.00
Sogndal - Skeid kl. 18.00
Strømmen - Kongsvinger kl. 18.00

Vêrmeldinga
Det er nok ikkje det sprekaste sommarvêret me har å by på, sjølv om skuleferien er i gang. Saftbygda har vaska seg i morgontimane, og det er ikkje veldig varmt. Det skal letta utover dagen, og vera lettskya med streif av sol under kampen. Gradestokken legg seg rett i overkant av 15-talet.

Kle deg i Svart og Kvitt og kom på kamp!
Me treng vår tolvte mann i dag, og vil bli veldig glade om me ser deg på Fosshaugane! Ta turen og støtt karane i kampen om dei viktige poenga. 

Billett til kampen kan du kjøpa her

12. serierunde i OBOS-ligaen 2019

Sogndal - Skeid
Fosshaugane
Avspark kl. 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: