Før Avspark

Stabæk - Sogndal, Nadderud Stadion, Søndag klokka 18.00

Me er framme ved runde 29 av årets Eliteserie.

Eliteserien 2017 går no inn i innspurtsfasen, og ser me ut glaset vil nokon og einkvar hevda at det er på tide at skirenn og julenissen får ta over for ein periode.

Me er nok ikkje heilt i mål, det gjenstår to kampar - og for vår del so er det veldig spennande no i sluttfasen.

Helgas kampar spelast på likt
Tradisjonen tru skal alle kampane dei to siste rundane spelast på likt. Det ligg an til ein thrilleravslutning på årets sesong.

Gullet skal delast ut i helga. Samstundes tek Eliteserien farvel med eitt av dei store laga. Dette skjer på Lerkendal, der dei to gamle storklubbane i landet, Rosenborg og Viking, møtest til dyst. Det blir óg eit møte mellom topp og botn. Rosenborg kan setja nok ein pokal i hylla på Brakka, medan det neste år skal spelast OBOS-liga på Jåttå i Stavanger. Me håpar at Viking kjem raskt tilbake i den øvste divisjonen, det er der dei høyrer heime.

I Drammen går ein kamp som er veldig interessant for nokon og einkvar, Strømsgodset skal møta Brann på Gamle Gress, og vinnaren i det oppgjeret er for alvor med i medaljekampen i siste serierunde neste helg. 

I Østfold går kampen me kjem til å ha eit ekstra auga på, der medaljekandidat Sarpsborg tek i mot Aalesund. Me håpar at Ole Jørgen og kompani ikkje tenkjer for mykje på cupfinalen enno, og går for å sikra anten sølv eller bronse. Og me håpar at ikkje AaFK fekk for stor boost etter å ha slege sjølvaste Rosenborg sist helg.

I Kristiansund tek dei i mot Sandefjord. Dei to laga som rykka opp frå OBOS-ligaen i fjor, har begge imponert i år, og kvalfangarane frå Vestfold er allereie sikra Eliteserie neste år. KBK er ikkje heilt klare, men med siger foran heimepublikumet vil dei vera sikra.

Med siger på Åråsen, vil Molde ta eit langt steg mot sølvet i årets sesong. På same måte kan Lillestrøm for alvor sikra spel på øvste nivå neste år.

Haugesund har berre æra å spela for på Alfheim, og etter tre strake tap bør karane til Horneland vera gira på å avslutta ein flott sesong litt meir stilfullt enn kva det ser ut til no. Heimelaget er eitt av formlaga i landet, og kan med siger gjera at Nord-Norge har to lag i Eliteserien 2018, Bodø/Glimt og Tromsø. 

I Oslo står det kun om prestisje når Vålerenga og Odd møtest. Enga-siger vil føra Deila sine menn forbi Skiens-laget, og det vil nok vera bittert for Fagermo og kompani.

So har me Nadderud. Det er der det skjer. Stabæk - Sogndal. Me har planar om å gjera slik som i fjorårets kamp, der me drog i hamn ein 1-0-siger.

Slik går kampane, alle med kampstart 18.00 på søndag:

Rosenborg - Viking
Strømsgodset - Brann
Sarpsborg 08 - Aalesund
Kristiansund - Sandefjord
Lillestrøm - Molde
Stabæk - Sogndal
Tromsø - Haugesund
Vålerenga - Odd

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Litt fri frå kvarandre
Etter det tunge tapet mot Tromsø, tok me ein time-out. Karane fekk med seg treningsprogram, og fellestreningane tok nokre dagar fri i landslagspausen. Dette skal frigjera litt energi i helgas kamp.

Me har hatt ei god treningsveke. Gutane er klare.

Me snakka med Mathias Dyngeland tidlegare i veka





Kjetil Wæhler er klar til kamp.

Les meir om Stabæk her

Vêrmeldinga
Denne veka har snøen lagt seg som eit kvitt teppe over den vakre bygda vår. Sogndal har pynta seg til jul, sjølv om sesongen ikkje heilt er ferdig. Austafor har dei óg fått kjenna litt på vinteren. I morgon skal det vera strålande sol i Bærum, fortel Yr. Mørkret har senka seg når dommar Hagen bles i fløyta, og under kampen er det meldt om -2 grader. Kle dykk godt!

Kom på kamp!
Me håpar at mange tek turen. Sogningar i Oslo bør kle seg i kvitt og svart og setja nasen mot Bærum. Stabæk har invitert til fest, og det er gratis inngang. Hent fribilletten på nettet ved å gå inn her.

Me gleder oss til kamp!

Stabæk - Sogndal
Nadderud Stadion
Søndag klokka 18.00

Stao no pao!!


Annonse fra Obos-ligaen: