Før Avspark

Sogndal - Strømmen, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18.00

Me er framme ved runde 10 av årets OBOS-liga. Idet flotte somarvêret tek me i dag i mot våre vener frå Romerike, Espen Olsen sitt Strømmen.

Karane har hatt ei god treningsveke etter den viktige sigeren borte mot Nest-Sotra sist, og me snakka med ein optimistisk trenar Eirik Bakke etter gårsdagens trening.


Strømmen kan vera ei hard nøt. Dei kan varta opp med flott spel og har ein gamal kjenning i Martin Trøen jagande på topp. So langt har det vore ein litt skral poengfangst for Espen sine gutar, der dei etter ni kampar står med rekkja to sigrar, ein uavgjort og seks tap. Det har vore jamne kampar, sist tapte dei knepent 0-1 mot Mjøndalen, og runden før spelte dei 2-2 borte mot Aalesund. Me må vera på hogget frå start.

Eirik Schulze spelte for Strømmen sist dei var her i 2015. Lysluggen gler seg til å spela mot gamleklubben. Dette sa han etter treninga i går.


Runden
Me har ein interessant runde i vente, der alle dagens kampar startar klokka 18.00. Vil Aalesund halda frammed poengfangsten? Dei slo Viking borte på tysdag, og er so langt suverent i toppen på tabellen før dagens kamp mot HamKam. I andre enden av skalaen finn me våre vener i vest. Florø har hatt ein dårleg start på årets sesong, med berre ein siger og mange store tap. I dag har dei sjansen til å snu trenden når dei møter Levanger.

Viking får det tøft i dag når dei møter eit formsterkt Jerv, som ikkje har tapt sidan 2. serierunde. Mjøndalen tok tre poeng mot Strømmen, i dag møter dei kvalifisert motstand på Isachsen Stadion i Sandnes Ulf.

Slik går runde 9:
AaFK - HamKam kl. 18.00
Florø - Levanger  kl.18.00
Jerv - Viking kl. 18.00
Mjøndalen - Sandnes Ulf kl. 18.00
Notodden - Åsane kl. 18.00
Sogndal - Strømmen kl. 18.00
Tromsdalen - Nest-Sotra kl. 18.00

Tysdag:
Kongsvinger - Ull/Kisa kl.19.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå Altomfotball

Vêrmeldinga
Ja, kva kan ein seie etter ein maimånad ein ikkje har sett makan til i manns minne? Det skal halda fram i kveld også, og det blir varmt for gutane på kunstgraset. Det er meldt ei flott sol under kampen, og gradestokken skal halda seg rundt 25 grader! Kom på kamp og nyt finvêret.

Billettar
Me håpar at mange tek turen og støttar gutane i dag! Tor og gjengen sit klare i BillettBui frå klokka 16.00. Billetten kjøpast på nett her.

Me kjem med dagens kamptropp klokka 16 og dagens lagoppstilling ca. klokka 17.

Sogndal - Strømmen
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: