Før Avspark

Aalesund - Sogndal

Me er framme ved runde 23 av årets Eliteserie. Denne helga har me staka ut kursen mot nord-vest, og besøker våre vener i Ålesund. Det er duka for eit skikkeleg vestlandsderby: Aalesund - Sogndal.

Karane har reist seg etter ein 2. omgang sist der lite fungerte, og er no veldig gira på å la sunnmøringane unngjelde for det som vart ein nedtur mot Haugesund.

Kampane mellom Aalesund og Sogndal har i ei årrekkje vore tette og jamne, og tidvis dramatiske, slik som kampen på Fosshaugane i juli, der me drog i land ein 1-0 siger foran fulle Lerum Cup-tribunar.


Runde 23
I morgon står "Slaget om Rogaland", ein kamp spesielt dei nord for Boknafjorden klør etter å vinna. I år er det nokså spesielt, sidan det er Viking som er desperate etter poeng. Siddisane ligg stygt til på tabellen, og det skal ein del til for at dette skal gå bra i år. Me står foran ein kamp der mykje står på spel.

På søndag er det altså i Ålesund det skjer. Me ligg litt betre an enn Viking, men treng sårt poeng no som Tromsø har vakna og Kristiansund tek poeng. Elles er det ein klassikar på Romerike: Lillestrøm - Rosenborg. Hovudkampen er óg ein godbit, og den går på Valle mellom Vålerenga og Brann.

Eirik Schulze AalesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg (3)
Skårar Eirik Schulze sitt tredje mål i nabofylket denne sesongen på søndag?

På måndag er det cupfinaleklare Sarpsborg 08 mot det ein nok kan kalla årets skuffelse, Odd.

Dette er kampane i runde 23:

Laurdag
Haugesund - Viking

Søndag
Lillestrøm - Rosenborg kl.18.00
Aalesund - Sogndal kl. 18.00
Kristiansund - Stabæk kl. 18.00
Molde - Sandefjord kl. 18.00
Strømsgodset - Tromsø kl. 18.00
Vålerenga - Brann kl. 20.00

Måndag
Sarpsborg 08 - Odd kl. 19.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Sist me var på Color Line Stadion 
Det var litt av ein kamp i Ålesund i fjor. Det var sjansar til begge laga, og heimelaget tok leiinga.

Ole Amund Sveen utlikna etter eit mønsterangrep, og litt heldige var me då ein i oransje skåra sjølvmål. På stillinga 1-2 skulle heimelaget kanskje hatt eit straffespark, i staden gjekk me opp til 1-3 ved Martin Ramsland og 1-4 ved Gilbert Koomson.

Johan Hove fekk debutera i Tippeligaen som den første frå år 2000.


Formen
Me skal formidla sanninga her på sida vår, og det er ikkje til å stikka under ein stol at det er to lag som ikkje akkurat hamstrar poeng for tida som barkar saman på søndag. Aalesund er hakket verre enn oss, og har ikkje vunne sidan dei slo Odd med 5-1 i juni. 

Fortset trenar Fredriksen sine gutar slik, vil dei snart vera i sumpa med begge føter. Enn so lenge ligg dei like foran oss på tabellen på ein 11. plass med 25 poeng. Me ligg på kvalikplass og har hanka inn 23 poeng so langt i sesongen.

Gilbert Koomson AalesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg
Får me sjå at Gilbert "is fixing things" på søndag?

Aalesund sine fem siste
AaFK - Brann 3-3
AaFK - Viking 1-1
Tromsø - AaFK 3-2
AaFK - Stabæk 1-1
Odd - AaFK 3-2

Sogndal sine fem siste
Odd - Sogndal 2-1
Sandefjord - Sogndal 2-1
Sogndal - Kristiansund 2-0
Brann - Sogndal 2-1
Sogndal - Haugesund 0-1

Les meir om Aalesund her

Vêrmeldinga
Hausten har festa grepet og denne veka måtte Sognefjellet stenge nokre timar og regnet vaska ned over heile fylket. På Møre er det faktisk venta ganske bra vêr denne helga, med strålande sol og grader opp mot 20 grader. Under kampen vil temperaturen gå litt ned, men det ser ikkje gale ut.

Ta turen til Møre!
Me håpar at mange kjem og støttar gutane i kampen om veldig viktige poeng. Med solid støtte i ryggen vil karane løfta seg. 

Her får du kjøpt billetten din til fotballfesten.

Me gleder oss til kamp!

Aalesund - Sogndal
Color Line Stadion
Avspark søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: