Før Avspark

Strømsgodset - Sogndal, Marienlyst Stadion klokka 18.00

Me er framme ved runde 27 av årets Eliteserie.

Runden starta i går med et vestlandsderby mellom Haugesund og Brann, og det var bergensarane som kunne reise hem etter kamp med tre poeng. Etter fire strake tap, smakte nok den sigeren godt i byen i går kveld. Resultatet i sildabyen vart 2-3.

Me er i Drammen og skal møta formlaget i landet, på ein av dei mest frykta bortearenaene i Eliteserien. Fem strake sigrar står dei bokført med, og våre gutar har ein jobb å gjera i kveld.

Me er klare for Strømsgodset - Sogndal.

- Me har alt å vinna, Godset har alt å tapa!
Me har snakka med trenar Eirik Bakke før kampen.

Runde 27
Slik går kampane denne runden:

Laurdag
Haugesund - Brann 2-3

Søndag
Rosenborg - Stabæk kl.18.00
Kristiansund - Odd kl. 18.00
Sarpsborg - Sandefjord kl. 18.00
Strømsgodset - Sogndal kl. 18.00
Tromsø - Viking kl. 18.00
Vålerenga - Molde kl. 20.00

Måndag
Lillestrøm - Aalesund kl.19.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Formen
Det er to lag med litt ulik poengfangst i det siste som skal duellera på Gamle Gress i dag.

Godset hadde ein frykteleg start på sesongen, og låg faktisk an til nedrykk langt uti badeseongen. Men so snudde gutane til Jostein Flo og Tor Ole Skullerud skuta, og framstår pr i dag som landets formlag. Sist helg kunne dei feira ny rekord med fem strake sigrar i toppdivisjonen.

På Gamle Gress har dei skapt seg eit frykta fort. GodsetUnionen skapar eit voldsomt trøkk på enden ned mot Ælva, og det er ikkje mange som reiser frå Drammen med poeng i bagasjen. Det har me tenkt å gjera noko med i kveld.

Ole Amund Sveen skulle gjerne spelt mot gamleklubben, her fortel han litt om kva gutane har i vente.

Strømsgodset sine fem siste
Stabæk - Strømsgodset 0-2
Strømsgodset - Tromsø 2-1
Viking - Strømsgodset 0-1
Strømsgodset - Odd 1-0
Sandefjord - Strømsgodset 1-2

Sogndal sine fem siste
Sogndal - Haugesund 0-1
Aalesund - Sogndal 0-1
Sogndal - Molde 2-2
Lillestrøm - Sogndal 1-0
Sogndal - Sarpsborg 08 3-3

Vêrmeldinga
Det er meldt strålande sol i Drammen, og finfin temperatur til å vera i sesongen med vintertid på klokka; rundt 8 grader skal det vera under kampen.

Les meir om Strømsgodset her

Kom på kamp!
Her må me oppmoda alle som er i Sogn til å ta turen til Kaupanger og Kvednhushaugen. Kaupangerdamene spelar mot Tromsdalen klokka 12, og vinn dei er dei sikra opprykk til 1. divisjon. Lukke til!

Sogningar her austpå må ta turen til Drammen. Gutane våre treng støtta om dei skal ta med seg tre viktige poeng på bussen heimatt.

Me gleder oss til kamp!

Strømsgodset - Sogndal
Marienlyst Stadion
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: