Før Avspark

Sogndal - Kristiansund

Me er framme ved runde 20 av årets Eliteserie. Det er duka for fotballfest på Fosshaugane Campus, og me tek i mot våre vener frå Kristiansund.

Runden starta i dag med eit klassisk lokaloppgjer mellom Lillestrøm og Vålerenga på Åråsen. Det var ein jamn og tøff batalje som Kanarifuglane vann 2-1.

Dette er kampane i runde 20:

Laurdag
Lillestrøm - Vålerenga 2-1

Søndag
Odd - Sandefjord kl.18.00
Rosenborg - Haugesund kl. 18.00
Sogndal - Kristiansund kl. 18.00
Stabæk - Molde kl. 18.00
Tromsø - Aalesund kl. 18.00
Viking - Brann kl. 20.00

Måndag
Sarpsborg 08 - Strømsgodset kl. 19.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Siste møte
Det vart 1-1 då me møtte Kristiansund i vårkampen. Heimelaget tok leiinga, men Eirik Schulze utlikna i 2. omgang.


Dette blir det fjerde møtet melleom desse laga i seriespel. I 2015 vart det 1-1 i Kristiansund og 4-3 til Sogndal i returmøtet.

Begge laga har slete litt i serien i det siste, og me er naboar på tabellen. Sogndal ligg eit hakk over Kristiansund, med 20 mot 19 poeng. Denne kampen er difor veldig viktig for begge laga: Vinn me, får me ei lita luke ned til dei. Skulle alle poenga bli med opp til Møre, vil Kristiansund passera oss på tabellen.

Kristiansund sine fem siste
Kristiansund - Rosenborg 3-3
Strømsgodset - Kristiansund 4-2
Kristiansund - Vålerenga 1-1
Rosenborg - Kristiansund 4-1
Kristiansund - Sarpsborg 08 1-1

Sogndal sine fem siste
Sogndal - Aalesund 1-0
Viking - Sogndal 1-1
Sogndal - Rosenborg 0-3
Odd - Sogndal 2-1
Sandefjord - Sogndal 2-1

Vêrmeldinga
Sommaren tok aldri heilt av her i Sogn, og no er studentane tilbake i bygda. På denne seinsommarkvelden kan me venta oss ein vêrtype me er ganske kjent med - lett regn og 13-14 grader. Både Yr og Storm har denne prognosen.

Kom på kamp!
Gutane treng solid støtte frå tribuna mot Kristiansund. Dette er ein av haustens aller viktigaste kampar. Kjøp kampbilletten her.

Sogndal - Kristiansund
Fosshaugane Campus
Søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: