Før Avspark

Sogndal - Molde FK

Me er framme ved runde 24 av årets Eliteserie. Denne runden startar allereie fredag med eit spennande oppgjer i Bergen. Me skal i elden på søndag, og det er våre vener i Romsdal som kjem på besøk. Det er klart for kampen Sogndal - Molde.

Me kunne reisa frå Ålesund med smil rundt munnen etter at me slo AaFK sist helg. Det var tre særs kjærkomne poeng som blei med bussen sørover.

No er det ny kamphelg, og me har ein motstandar som me har hatt nokre gode fightar mot dei siste åra. Her er eit gjensyn med måla frå dei fem siste oppgjera mot Molde på Fosshaugane.


I 2011 vann me 2-1 etter at gamlefar Tore Andre Flo skåra to. Året etter var det nevø Ulrik som vart matchvinnar då me vann 2-1 og låg på toppen av tabellen. I 2013 starta det so bra då Malick Mane sørga for 1-0, og ei stund etter klarte sjølvaste Hannu Patronen å ikkje skåra, sjølv om han stod tre meter frå eit heilt ope mål.

I den tunge 2014 sesongen vart det 0-1 og tap, og det som skjedde på overtid var eit typisk bilde av ein mager haust - På under ti sekund hadde me ballen i metallet bak Molde sin keeper tre gonger, men ballen ville ikkje i mål den hausten.

Då var det kjekkare i fjor. Hannu, Ole Amund Sveen og Lars Christian Kjemhus sørga for ein 4-3 siger i ein veldig underhaldande kamp.

Runde 24
I kveld klokka 19.00 startar den spennande kampen mellom Brann og Kristiansund. For vår del er det kanskje greitt å halda ein knapp på storebror i kveld, då me ligg med lik poengsum som mørelaget før denne runden. Ein siger til raudtrøyene vil difor vera særs velkoment her inne i fjorden.

I morgon er det lokalderby på Austlandet. Stabæk  får besøk av eit Vålerenga som har slete veldig i år. Snudde det mot Brann sist, då dei vann sin aller første kamp på den nye arenaen på Valle, eller er det tilbake til kampar uten siger?

På søndag går resten av runde 24.

Fredag
Brann - Kristiansund kl.19.00

Laurdag
Stabæk - Vålerenga kl. 18.00

Søndag
Odd - Haugesund kl.18.00
Sandefjord - Aalesund kl. 18.00
Sogndal - Molde kl. 18.00
Tromsø - Lillestrøm kl. 18.00
Viking - Strømsgodset kl. 18.00
Rosenborg - Sarpsborg 08 kl. 20.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Formen
Molde kjem som eit av topplaga i divisjonen, med tre strake sigrar i bagasjen, 4. plass og 40 poeng. Dette blir tøft mot eitt av landets beste lag.

Før Aalesundkampen sist, hadde me mager poengfangst dei siste kampane. Karane viste at dei ville vinne på Møre, og dei har hatt ei god treningsveke inn mot søndagens kamp.

Molde sine fem siste
Molde - Rosenborg 1-2
Stabæk - Molde 3-2
Molde - Odd 2-1
Viking - Molde 2-3
Molde - Sandefjord 3-1

Sogndal sine fem siste
Sandefjord - Sogndal 2-1
Sogndal - Kristiansund 2-0
Brann - Sogndal 2-1
Sogndal - Haugesund 0-1
Aalesund - Sogndal 0-1

Vêrmeldinga
Etter nokre voldsomt flotte dagar ser det no ut til at me får eit haustleg preg med vind og regn i morgon og fram utpå dagen søndag, men under kampen skal det bli lettare og opphaldsvêr. 

Kom på kamp!
Me håpar at mange kjem og støttar gutane i kampen om veldig viktige poeng. Med solid støtte i ryggen vil karane løfta seg. 

Her får du kjøpt billetten din til fotballfesten.

Me gleder oss til kamp!

Sogndal - Molde
Fosshaugane Campus
Avspark søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: