Før Avspark

Sogndal - Sarpsborg 08, søndag klokka 18.00

Me er framme ved runde 26 av årets Eliteserie. Denne runden starta med eit lokalderby i nabofylket no i kveld. Der kjempa Aalesund mot Kristiansund i ein kamp med to lag som sårt treng poeng no på slutten av sesongen. Ein høgdramatisk kamp enda med 1-1 og poengdeling.

Me skal i elden i morgon, og me får besøk frå Østfold. Vår gamle ven Ole Jørgen Halvorsen har teke med seg sine medaljejagande lagkompisar. Det er klart for kampen Sogndal - Sarpsborg 08.

Sjå intervju med trenar Eirik Bakke og keeper Mathias Lønne Dyngeland her. Begge gleder seg til kampen.

Runde 26
Det vart noko utruleg 1-1 og poengdeling på Sunnmøre i kveld. Kristiansund fekk ein mann utvist på stillinga 0-0. Aalesund fekk då eit lite trøkk på bortelaget, men det var Kristiansund som gjekk opp i leiinga i det 86. minuttet. På overtid var AaFK sin keeper med opp på corner, det vart kontring i mot og målskårar Gjertsen hadde alle sjansars mor til å punktere kampen. Det gjekk ikkje, i staden fekk AaFK utlikninga i kampens aller siste sekund.

Slik går kampane denne runden:

Laurdag
Aalesund - Kristiansund 1-1

Søndag
Viking - Vålerenga kl.18.00
Molde - Haugesund kl. 18.00
Sandefjord - Strømsgodset kl. 18.00
Sogndal - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Stabæk - Tromsø kl. 18.00
Brann - Rosenborg 08 kl. 20.00

Måndag
Odd - Lillestrøm kl.19.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Formen
Sarpsborg kjem hit som eit landets aller beste lag, og me har noko å bryna oss på. Før runden ligg dei som nummer tre på tabellen, poenget bak Molde. Ole Jørgen og kompani har óg sikra seg cupfinalebillett.

Likevel har særpingane hatt ein litt skral poengfangst i det siste, med to sigrar, to uavgjort og eitt tap på dei siste fem. Dette har gjort at Molde no har passert dei på tabellen.

Me ligg utsett til på tabellen etter tapet mot Lillestrøm sist, og poeng i morgon vil vera av den kjærkomne sorten. Me kan fort ta tre poeng mot Sarpsborg, det er ikkje so lenge sidan me hadde Molde i kne her på Fosshaugane, og i fjor slo me dei blåkvite 3-0.

Sarpsborg 08 sine fem siste
Vålerenga - Sarpsborg 08 1-2
Tromsø - Sarpsborg 08 5-0
Sarpsborg 08 - Odd 2-1
Rosenborg - Sarpsborg 08 1-1
Sarpsborg 08 - Stabæk 2-2

Sogndal sine fem siste
Brann - Sogndal 2-1
Sogndal - Haugesund 0-1
Aalesund - Sogndal 0-1
Sogndal - Molde 2-2
Lillestrøm - Sogndal 1-0

Vêrmeldinga
Til å vera mot slutten av oktober ser ikkje meldinga for morgondagen so galen ut. Storm har best varsel denne gong, så då går me for den. Det betyr at det skal vera overskya og rundt 8 grader under kampen.

Kom på kamp!
Me håpar at mange kjem og støttar gutane i kampen om veldig viktige poeng. Med solid støtte i ryggen vil karane løfta seg det lille ekstra. 

Her får du kjøpt billetten din til fotballfesten.

Me gleder oss til kamp!

Sogndal - Sarpsborg 08
Fosshaugane Campus
Avspark søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: