Før Avspark

Sogndal - Tromsø, Fosshaugane Campus, Søndag klokka 18.00

Me er framme ved runde 28 av årets Eliteserie.

Eliteserien 2017 er for alvor i avslutningsfasen, og det er meir spennande enn nokon gong. Denne helga blir ein thriller frå fredag til søndag.

Runde 28 startar i kveld. Kvalfangarane i Sandefjord tek i mot Vålerenga. Gutane til Ronny Deila leverte tre krutsterke resultat på rad som fekk dei ut av nedre del av tabellen, men landa hardt mot Molde, som skåra sigersmålet på overtid. Lars Bohinen sine menn har hatt ein svak periode i det siste, og kan fort hamna i trøbbel om den svake formen held fram.

I morgon er det derbylaurdag i nabofylket. Medaljejagande Molde tek i mot Kristiansund til skikkeleg nabostrid. Denne kampen er óg interessant sett med sognablikk. Går resultata den rette vegen, vil me vera likt med Kristiansund på tabellen.



Me har snakka med trenar Eirik Bakke før kampen på søndag

Neglebitarsøndag
På søndag er det fleire interessante kampar. Me får klassikaren Brann-Lillestrøm. Vil Brann melda seg på att i medaljestriden, eller vil Lillestrøm sikra seg plassen til neste år? I Aalesund kan sunnmøringane tenna håpet om fortsatt spel i Eliteserien, men dei møter særs tøff motstand: Med siger vil Rosenborg kunne feira eit nytt seriemesterskap og ein ny pokal i hylla på Brakka.

Me står foran ein kamp som to dagar før avspark får nakkehåra til å reisa seg på nokon og einkvar. Me skal ut mot Tromsø, laget som såg ut til å vera fortapt, men som i det siste har sanka fleire poeng enn eit par av medaljekandidatane. Vil våre gutar reisa seg? Det blir ein søndag der neglebitarklubben får fleire medlemmar.

Me er klare for Sogndal - Tromsø!



Me har snakka med bautaen i forsvaret, Kjetil Wæhler.

Runde 28
Slik går kampane denne runden:

Fredag
Sandefjord - Vålerenga kl.19.00

Laurdag
Molde - Kristiansund kl. 18.00

Søndag
Brann - Lillestrøm kl.18.00
Haugesund - Strømsgodset kl. 18.00
Odd - Stabæk kl. 18.00
Sogndal - Tromsø kl. 18.00
Viking - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Aalesund - Rosenborg kl. 20.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Formen
Det er to lag med litt ulik formkurve som skal møtast på Fosshaugane på søndag.

Tromsø hadde ein kanonstart på sesongen, og me fekk det tøft der oppe i snødrevet i april. Etter ein bra start vart det full stopp for Gutan, og dei låg lenge svært utsett til på tabellen. I sommar gjorde dei ein snuoperasjon, og i det siste har dei plukka jamnt og trutt med poeng. Etter 2-0 mot Viking sist, passerte dei oss på tabellen og la seg på trygg grunn.

Gilbert Koomson TromsøB 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
Gilbert Koomson mot Tromsø i april (Foto: Rune Sjøberg)

Bortelaget Tromsø er ikkje so sprekt. Dei slo Stabæk sist dei tok flyet sørover, men då var det seks tap og ein uavgjort sidan sist dei tok tre poeng. Til gjengjeld var det mot Rosenborg på Lerkendal sjølvaste 16.mai.

Les meir om Tromsø her

Tromsø sine fem siste
Strømsgodset - Tromsø 2-1
Tromsø - Lillestrøm 2-1
Tromsø - Rosenborg 0-3
Stabæk - Tromsø 1-2
Tromsø - Viking 3-0

Sogndal sine fem siste
Aalesund - Sogndal 0-1
Sogndal - Molde 2-2
Lillestrøm - Sogndal 1-0
Sogndal - Sarpsborg 08 3-3
Strømsgodset - Sogndal 4-1

Vêrmeldinga
Me har skrudd klokka til vintertid og kasta oss inn i november, men det er ikkje noko å sjå til snø og blå grader førebels. På søndag bør publikum dra på seg stilongsen og ein ekstra genser under jakka. Det er meldt overskya og i underkant av seks grader under kampen.

Kle deg i kvitt og svart!
Sving innom SogndalBui om du trenger ei god hue, eit flott pledd eller eit sitteunderlag. Marie og kompani har gode tilbod!

Saftkokarjubel FredrikstadH 2010 Foto - Rune Sjøberg
Fosshaugane i kvitt og svart!

Kom på kamp!
Heile fylket har mobilisert, og me håpar på mange folk og godt trøkk på Fosshaugane på søndag. Me vil at gutane skal merka at dei er på heimebane, og har senka billettprisane til denne kampen: Kr. 100,- pr. billett på heile stadion. Kjøp billetten din her.

Me gleder oss til kamp!

Sogndal - Tromsø
Fosshaugane Campus
Søndag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: