Før Avspark

Brann - Sogndal

Me er framme ved runde 21 av årets Eliteserie. Det er duka for fotballfest og lokalderby i Bergen. Vestlandet er klare for klassikaren Brann - Sogndal.

Det er laurdagskamp, vêrmeldinga er ikkje so verst og sogningane bør ta turen til byen for å støtta gutane i kvitedrakta. Me er revansjesugne etter det triste tapet i vår, og det er alltid moro å klå Storebror. 

Runden består elles av ein del godbitar. 

I Oslo er det fest på søndag når Vålerenga flyttar inn i si nye leikegrind på Valle. Dei møter Ole Jørgen Halvorsen og Sarpsborg 08. Det er faktisk ikkje den første kampen som går på det flotte anlegget, då damelaget og Synne Sofie Christiansen møter Kolbotn på Vålerenga Stadion allereie på laurdag. 

I Kristiansund tek heimelaget i mot poengsugne Tromsø. Der vil kvart poeng bety veldig mykje. I Drammen kjem Rosenborg på besøk, og på måndag er det Molde - Odd.

Dette er kampane i runde 21:

Laurdag
Brann - Sogndal kl. 18.00

Søndag
Haugesund - Lillestrøm kl.18.00
Kristiansund - Tromsø kl. 18.00
Sandefjord - Viking kl. 18.00
Vålerenga - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Aalesund - Stabæk kl. 18.00
Strømsgodset - Rosenborg kl. 20.00

Måndag
Molde - Odd kl. 19.00

For tabell og elles alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Siste møte 
Det starta so bra i vårkampen. Det var fullt hus på Fosshaugane Campus, og gutane våre var på hogget. Då det stod 2-0, smilte mang ein sogning lurt i skjegget, god i trua på at me skulle slå storebror. Men slik gjekk det ikkje. Brann skåra tre mot slutten av kampen, og me gjekk på eit veldig surt tap. Det er ein gjeng i svart og kvitt som klør etter å ta revansje.

Videoen er ikke tilgjengelig.



Dette blir det fjerde møtet mellom desse laga i år. Då me møttest til treningskamp på Gran Canaria i vinter, vart det 0-0 etter ein sjanserik kamp. Rett før seriestart barka me i hop til ny treningskamp i Vestlandshallen, og der vann me 1-0 etter at Gilbert Koomson spurta frå alt og alle med ballen i beina. I serien vart det altso 2-3 til Brann på Fosshaugane. 

Begge laga tok tre poeng sist, me mot Kristiansund 2-0 heime, Brann slo poengsugne Viking med 2-4 i Stavanger.

Brann sine fem siste
Stabæk - Brann 2-0
Brann - Sarpsborg 08 0-1
Aalesund - Brann 3-3
Brann - Odd 2-0
Viking - Brann 2-4

Sogndal sine fem siste
Viking - Sogndal 1-1
Sogndal - Rosenborg 0-3
Odd - Sogndal 2-1
Sandefjord - Sogndal 2-1
Sogndal - Kristiansund 2-0

Marius Lenni Bøe gler seg til kampen om Vestlandet.





Keeper Mathias Lønne Dyngeland ser fram til kampen i fødebyen.

Vêrmeldinga
Me kan ana at haustfargane er på gong i Sogn, og når det nærmar seg haust, er det ofte vått i Bergen. I morgon ser det ut til at me kan få ein fin dag, med lettskya opphald under kampen og rundt 14 grader

Kom på kamp!
Dette er ein kamp me i Sogn alltid ser etter når terminlista kjem rett før nyttår. "Kor tid skal me til Bergen?" Med fullt bortefelt støttar ein gutane våre, og me håpar at mange tek turen til byen.

Det er i overkant av 300 billettar att på bortefeltet dagen før kamp. Kjøp billetten her.

Me gler oss til kamp!

Brann - Sogndal
Brann Stadion
Laurdag klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: