Før Avspark

HamKam - Sogndal, Briskeby, Avspark klokka 15.00

Me er framme ved runde 13 av årets OBOS-liga. Me har teke turen over fjellet til vakre Mjøsa, og i olympiabyen Hamar er det i dag både sol og regn men heilt grei temperatur.

Etter ein tung periode, tok gutane samling i bånn. Dette har resultert i fire sigrar på rad og klatring på tabellen. Det bur mykje i denne gjengen, og dei tek nye steg heile tida i lag med trenarteamet. 

Me kom til Hamar i går etter ei god treningsveke. Den siste treninga før kampen var på dagens kamparena, Briskeby. Det er god stemning i gruppa, og dei er klare til å kjempa med nebb og klør om dagens poeng.

Me snakka med Per Magnus Steiring etter treninga fredag.




Trenar Eirik Bakke er klar: - Det må hard jobbing til i dag!

Me møtte HamKam før seriestart. Kampen i Marbella var oppjaga og rotete, men me såg at dette laget ikkje ville bli ein kasteball i årets sesong. So langt har dei gjort det bra. Dei ligg på ein 9. plass på tabellen, og har til dømes nyleg slege Aalesund borte. Me må vera på topp i dag om me skal ha med poeng på bussen heimatt.

Les meir om HamKam her

Runden
Me har nok ein interessant runde i vente i dag, i denne runde 13 som i går tjuvstarta med eit smell på Sotra. Heimelaget Nest slo til med ein skikkeleg fest for heimepublikumet og sendte Viking heimatt med halen mellom beina. 5-0 stod det på lystavla då kampen var over!

Nest-Sotra - Viking 5-0 (spelt laurdag)

Sundag
HamKam - Sogndal kl. 18.00
Strømmen - Tromsdalen  kl.18.00
Florø - Jerv  kl. 18.00
Levanger - Mjøndalen kl.18.00
Notodden - Kongsvinger kl. 18.00
Sandnes Ulf - Aalesund kl. 18.00
Åsane - Ull/Kisa kl. 18.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå Altomfotball

Vêrmeldinga
Både Yr og Storm er einige om at det skal regna under kampen. Men ser ein ut glaset på hotellet som ligg eit steinkast frå Briskeby, er det både sol og blå himmel. Litt skyer er det. Me satsar på fint vêr og går på kamp i kortabrok!

Me kjem med dagens kamptropp klokka 13.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 14.00.

Me er ein god gjeng her i Hamar då både Seniorklubben og Saftkokaradn er på plass. Det blir kjekt på bortefeltet i dag. Me gler oss til kamp!

HamKam - Sogndal
Briskeby, Hamar
Avspark klokka 15.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: