Før Avspark

Sogndal - HamKam, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18.00

Sesongen er halvspelt. Etter ein liten pause tek me no fatt på del to av OBOS-ligaen 2018, og i den 16. runden får me finfint besøk på Fosshaugane Campus. Me er klare for oppgjeret Sogndal - HamKam.

Det er ikkje mange vekene sidan me møtte dei grønkledde. I striregnet ved Mjøsas bredd kjempa karane for kvarandre, drakta og vår tolvte mann og drog i land ein solid 3-1 siger.


Her er eit biletgalleri frå den kampen. Alle foto: Rune Sjøberg

Runden
Runde 16 starta allereie i går, og det var våre vener i vest som tok turen til Kongsvinger. På Gjemselund ville heimelaget visa seg fram for sin nye trenar Mark Dempsey og slo til med sambafotball. Florøgutane gjekk svimle inn i garderoben etter kampen, lystavla viste 5-1. Gutane til Terje Rognsø har ein jobb å gjera framover.

I dag kan me sjå fram til nokre godbitar. På Color Line Stadion barkar heimelaget i hop med eit Sandnes Ulf som har trøbla litt etter at dei fekk ein leksjon av storebror 16. mai. Laget frå sykkelbyen er ofte gode rett etter ein feriepause, og for vår del passar det godt om dei sler Aalesund.

I Nedre Eiker får Kasper Nissen sjansen til å visa seg fram for sine nye lagkameratar, og samstundes hjelpa oss litt. Levanger treng poenga og spørsmålet er om Mjøndalen reiser seg etter to svake kampar før ferien. Espen Olsen sitt Strømmen har reist til Tromsdalen og får det tøft mot eit heimelag som har levert bra i årets sesong.

Ull/Kisa er som eit snikande ullteppe på kvalikplass. Ingen snakkar så mykje om dei, men laget til den lure reven Vegard Skogheim sankar poeng jamnt og trutt. I dag får dei besøk av Nest-Sotra. I Bergen kan Åsane med tre poeng klatra heilt opp i ryggen på motstandar Notodden, og i Stavanger blir det lurveleven når Viking tek i mot Jerv.

Alle kampane startar klokka 18.00, og for alt av statistikk rundt OBOS-ligaen, kan du klikka her.

Er du ikkje i Sogn, kan du følgja dagens kamp på Firdaliven!

Trenar Eirik Bakke er klar: I dag må arbeidshanskane på!


HamKam har fått litt dårleg betalt i år, og det vil bli ein knallhard kamp om dei tre poenga i kveld. Me ser fram til ein spennande kamp.

Les meir om HamKam her.



Kaptein Lønne Dyngeland gler seg til kamp.

Vérmeldinga
Alle superlativ er brukt opp når det gjeld årets somar, som har vore fantastisk for alle utanom bøndene. For publikum blir det behageleg på Fosshaugane i kveld, med sol, lettskya og i overkant av 20 grader.

Billetten din til dagens kamp kan du kjøpa på nettet, eller hjå Tor og kompani i BillettBui. Dei opnar lukene klokka 16.00.

Me kjem med dagens kamptropp klokka 16.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 17.00.

Me håpar at det blir bra trøkk på og utanfor bana i dag, me gler oss til fotballfesten!

Sogndal - HamKam
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Slik er tabellen før denne runden.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T


Annonse fra Obos-ligaen: