Før Avspark

Sogndal - Mjøndalen, Fosshaugane Campus, Tysdag klokka 19.00

Det gjenstår ein kamp av runde 21 av OBOS-ligaen 2018, og den går på Fosshaugane Campus. Me er klare for toppkampen Sogndal - Mjøndalen.

Dei andre kampane vart spelt i helga, og so langt har denne runden gått greitt i vår favør. Her er resultata so langt:

Sandnes Ulf - Viking 3-0
Aalesund - Nest-Sotra 0-1
Florø - HamKam 0-1
Levanger - Kongsvinger 1-1
Notodden - Jerv 0-1
Strømmen - Ull/Kisa 3-2
Åsane - Tromsdalen 3-1

For alt av statistikk og tabellar, gå til Altomfotball!

Sogndal - Mjøndalen
Me møtte bruntrøyene allereie i 3. serierunde, og her er høgdepunkta frå den kampen.


Me står foran ei tøff oppgåve. Mjøndalen er kanskje det laget i serien med best form per no, og dei har fått inn nokre gode namn i sommar. Mellom anna vil me i morgon få eit gjensyn med vår gamle ven, den danske drengen Tonny Brochmann.

Venstreback Ole Martin Rindarøy gler seg til kampen.



Etter to slag i trynet, er karane veldig innstilt på å reise kjerringa. Me har sett ein gjeng med bra trøkk og energi på treningane. Fotograf Elin Hæreid har levert dette galleriet med bilete frå treningane inn mot kampen.



Trenar Eirik Bakke fortel her litt om det som ventar gutane i kampen.

Vêrmeldinga
Det er haustaktig i Saftbygda og me lyt snart finna fram sokkabrok og vottar. I morgon ser det faktisk ikkje so gale ut, då me under kampen kan venta oss grader godt over 15-talet og lettskya. Det fortel både Storm og Yr.

Billettar
Studentane er tilbake i bygda, og me gjer klar til "Studentkampen". 

40141529_10156822080228678_3715618143830278144_n
Promokode: STUDENT2018

Har du ikkje billett til fotballfesten, kjøper du den her.

SogndalBui
Manglar du skjerf, trøye eller flagg? Ein caps? Sving innom SogndalBui før kampen, der er det mykje flott! Også her har me ein ekstra godbit for studentane!

40284585_10156822282018678_775535183712485376_n

Me gler oss til kamp!

Sogndal - Mjøndalen
Fosshaugane Campus
Avspark tysdag klokka 19.00 

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: