Før Avspark

Sogndal - Nest-Sotra, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18.00

Me er allereie framme ved runde 25 av årets OBOS-liga, og i dag får me besøk frå strilalandet. Klokka 18.00 brakar det laust på Haugadn med oppgjeret Sogndal - Nest-Sotra.

Som alle har fått med seg har me slete i den siste perioden. Ingen i klubben er nøgde med poengfangsten etter ferien, og meiningane ute i bygda har vore mange og sterke. Det er bra med reaksjonar på at me stod att på perrongen då toget gjekk, medan både Mjøndalen, Viking og Aalesund hadde plassert seg i den første vogna.

Heile klubben jobbar hardt kvar dag for å snu trenden, og so lenge ein har trua på at det skal gå, kjem me til å klare det!

Trenar Eirik Bakke ser fram mot kampen.




Slik såg det ut då me møtte Nest-Sotra i mai.




Runde 25 består av desse oppgjera:
Florø - Viking kl.15.00
Tromsdalen - Ull/Kisa kl. 15.00
Åsane - Sandnes Ulf kl. 16.00
Aalesund - Jerv kl. 18.00
Levanger - Strømmen kl. 18.00
Notodden - HamKam kl. 18.00
Sogndal - Nest-Sotra kl. 18.00

Tysdag: Mjøndalen - Kongsvinger kl. 19.00

Rosa Sløyfe-aksjon
Bli med og støtt brystkreftsaken i dag! 
I dag er brystkreftforeningen til stades på Fosshaugane Campus. Ta godt i mot dei ❤️️
Les meir her.

Vêrmeldinga
Etter vekesvis med regn, fekk me ein nokså fin dag fredag. I går var regnet på plass att. I dag og under kampen seier Yr at me får lett regn, svak vind og rundt seks grader. Det kan vera lurt å dra på seg sokkabroki i dag.

SogndalBui
Me har varme skjerf, sitteunderlag og gode huer i supporterbutikken som ligg ved Idrettssenteret. Sving innom der!

Vår tolvte mann!
I dag er det gratis inngang for alle i Sogndal Kommune. 
Me håpar at mange tek turen og støttar karane! Gå til BillettBui på nett og bruk promokode SOGNDAL, så får du billetten din.

Tor og karane i BillettBui er på plass frå klokka 16.00

Me har vore nede i ein djup mørkedal, men i dag snur det! No skal me opp og fram - resten av sesongen startar i dag! I lag med vår tolvte mann skal me klare dette, slik at me i kveld kan gå smilande heim frå Haugadn.

Dagens kamptropp kjem klokka 16, og lagoppstillinga rundt klokka 17.

Sogndal - Nest-Sotra
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: