Før Avspark

Sandefjord - Sogndal, Komplett Arena kl. 19.00

Me er framme ved runde 19 av årets Eliteserie, og me har nok ein gong reist austover i landet. Etter treninga i går, lasta me opp bussen og reiste til Vestfold.

I kveld klokka 19.00 er me klare til dyst på Komplett Arena i kvalfangarbyen. Det er duka for Sandefjord - Sogndal.

Det kan henda at me får eit gjensyn med ein gamal kjenning i dag. Lars Grorud, vår gamle kaptein frå opprykksåret 2010, har vore ute eindel dei siste åra, men har fått innhopp i dei to siste kampane for Guttane til Lars Bohinen.

Me møter eit heimelag som har starta godt etter ferien, og sist slo dei Stabæk med 3-1 på bortebane.

Slik gjekk det då me møtte dei i vårens oppgjer på Fosshaugane.


Det var eit fyrverkeri av ein kamp, der me fekk servert det meste. Sandefjord hadde to i metallet bak Lønne Dyngeland før pause, Sandefjord gjekk opp i leiinga to gonger, men me slo tilbake ved Martin Ramsland og Gilbert Koomson. Det siste kom i omgangens siste minutt på straffespark. I sistuasjonen som førte til straffa, vart ein sandefjordspelar utvist.

I andre omgang hadde me fleire gode sjansar, og i spel ti mot elleve hadde kvalfangarane nok med å ro i land eit uavgjort resultat. Innbytar Bendik Bye ville det ikkje slik, difor banka han ballen i nettet heile fem minutt på overtid, i kampens siste sekund. Det er slike kveldar ein hugsar etter sesongen er over.

Sandefjord er nok veldig revansjelystne etter den kampen, og kjem til å gå ut i hundreogti. Det er stor fotballturnering i byen denne helga, og det er venta fullt hus og veldig trøkk frå tribuna.

Dette er kampane i runde 19:

Fredag
Sandefjord - Sogndal kl. 19.00

Laurdag
Molde - Rosenborg kl. 18.00

Sundag
Aalesund - Viking kl.18.00
Brann - Odd kl. 18.00
Haugesund - Stabæk kl. 18.00
Kristiansund - Sarpsborg 08 kl. 18.00
Strømsgodset - Lillestrøm kl. 20.00

Måndag
Vålerenga - Tromsø kl. 19.00

For alt av statistikk om Eliteserien 2017, sjå VG Live

Vêrmeldinga
Det er ein fin sommardag austafor i dag, og med sol og grader i overkant av 20-talet, vil dette bli ein flott kveld for fotball.

Kom på kamp!
Er du i området, ta turen og støtt karane våre i kampen om viktige poeng! 
Her er info om Komplett Arena, der kan du og kjøpa kampbillett.

Sandefjord - Sogndal
Komplett Arena
Avspark klokka 19.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: