Før Avspark

Sogndal - Viking, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 15.30

Me er framme ved runde 12 av årets OBOS-liga. Sola skin frå skyfri himmel, og den vakre bygda vår er klar til ein skikkeleg fotballfest: Toppoppgjeret Sogndal - Viking

På søndag kjempa gutane seg til dei første tre poenga i Trøndelag sidan 2000 då me slo Byåsen. Denne gong var det Levanger som måtte sjå at karane våre avgjorde kampen heilt mot slutten. Å vinna slik er balsam for fotballsjela, og veldig viktig inn i treningsgruppa.

Denne veka har gutane trent godt i varmen. Me snakka med Kjetil Wæhler etter treninga i går.


Viking har reist seg etter det vanskelege fjoråret. Den gamle ringreven Bjarne Berntsen er inne som ny trenar og i oljebyen har ein fått ny optimisme rundt dei mørkeblå. Etter ein strålande start på sesongen, har det no butta litt i mot, og dei er nok veldig innstilte på at dei skal reise kjerringa etter to strake tap. 

Viking sin kamp mot Florø som skulle gått sist helg, vart utsatt grunna landslagsspelarar.

Me var veldig langt nede etter 16. mai-kampen, og me er framleis nokså varierande i spelet. Etter tre strake sigrar, er stemninga på topp i treningsgruppa, og i dag håpar Eirik Bakke at me skal få sjå eit lag som viser seg fram frå sin beste side i varmen.


Les meir om Viking her

Runden
Me har ein interessant runde i vente no når me sparkar i gong runde 12 av årets OBOS-liga, som har desse kampane:

Sogndal - Viking i dag klokka 15.30

Sundag
AaFK - Ull/Kisa kl. 18.00
Florø - Strømmen  kl.18.00
Jerv - Nest-Sotra kl. 18.00
Kongsvinger - Levanger kl.18.00
Mjøndalen - HamKam kl. 18.00
Notodden - Sandnes Ulf kl. 18.00
Tromsdalen - Åsane kl. 18.00

For alt av statistikk om OBOS-ligaen 2018, sjå Altomfotball

Vêrmeldinga
Me har nok ein strålande flott solskinsdag her i Sogn. Det blir rett og slett varmt og godt under kampen - kom og nyt finvêret i lag med oss!

Billettar
Me håpar at mange tek turen og støttar gutane i dag! Tor og gjengen sit klare i BillettBui frå klokka 13.30. Billetten kjøpast på nett her.

Me kjem med dagens kamptropp klokka 13.30 og dagens lagoppstilling ca. klokka 14.30.

Sogndal - Viking
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15.30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: