FOR EIN GJENG!!!

Me har vunne Skandinavisk Meisterskap!!

For andre gong på på åtte dagar henta juniorane heim glitter og gull! Denne gjengen er det berre å ta av seg hatten for!

Me slo danske AGF Århus i finalen i Skandinavisk Meisterskap med 1-0. Mathias Sundberg skåra målet vårt tidleg i første omgang.

Me gjorde nok ein god kamp i dag, der alle karane fortener ein stor dose med skryt for jobben dei la ned i Serneke Arena i Gøteborg. Nemde Sundberg vart matchvinnar, og skal me dra fram ein i dag er det kaptein og keeper, Kristian Rutlin. Han stod ein kjempekamp i sin aller siste kamp med denne gjengen.

Me kjem med meir i morgon, no ventar ein god tur heim.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: