Første stikk til Sogndal

Ole Martin Rindarøy skåra kampens einaste mål

Me har teke eit viktig steg mot fornya kontrakt i Eliteserien etter at me slo Ranheim 1-0 på eit isande kaldt Fosshaugane Campus i kveld.

Halve jobben er no gjort, men me må løfta oss nokre hakk på laurdag. I dag var det litt kladdeføre for oss, men me gjorde jobben og tok ein fortent slitesiger mot trønarane.

Ole Martin Rindarøy skåra kampens einaste mål i andre omgang, og Martin Ramsland vart snoten for årets klaraste straffespark då han regelrett vart riven ned i eit tohandsgrep i Ranheim sitt felt.

Her er TV-bileta frå kampen


Les om kampen i Sogn Avis

Les om kampen i Firda

Les om kampen på NRK Sogn og Fjordane

Les om kampen i VG

Les om kampen i Dagbladet

Annonse fra Obos-ligaen: