Forsvarsspelar signert frå Sandnes Ulf

Axel Kryger blir Sogndalsspelar dei neste tre åra!

Sandnes Ulf og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for forsvarsspelar Axel Kryger (f. 21. oktober 1997). Kryger og Sogndal Fotball har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2022.

Den unge Sandnes-guten er ein lojal spelar som har vore i Sandnes Ulf sidan han starta med fotball i seks årsalderen. Då med eitt unntak, i 2014 spelte han for det lokale Sandnes-laget Lura i 4. divisjon.

Kryger spelt 100 kampar på Sandnes Ulf sitt A-lag, og er ein av dei med mest speletid for dei lyseblå dei siste sesongane. Han står óg bokført med åtte landskampar for U18 og U19, der han har spelt i lag med Per Magnus Steiring, Edin Øy og Sigurd Haugen, for å nemna nokre.

Axel Kryger gler seg til å ta fatt i Sogndal
Axel Kryger gler seg til å ta fatt i Sogndal

- Etter 15-16 sesongar i Sandnes Ulf, blir det litt rart å ikkje vera med der når dei startar etter nyttår, seier Axel. Moderklubben ynskte å ha han med vidare, men Axel følte for at han ville ta eit nytt seg i karrieren. Han er veldig glad for at han no skal til Sogndal.

- Eg har alltid likt Sogndal, og trur at eg vil føla meg heime her fort. Eg trengte noko nytt no etter så mange år i Sandnes, og eg hadde veldig lyst til å reisa hit,eg er veldig gira på å bidra her.

- Dette er ein fotballklok spelar som kan bekle fleire roller, seier Håvard Flo.

- Axel har vist ein veldig fin utvikling i Sandnes Ulf, og han stadfesta det gode inntrykket me har hatt av han då han kom hit på besøk for eit par veker sidan.

Flo fortel at det er ein moden og reflektert gut som kjem til oss.

- Axel er oppteken av å ta nye steg for å "pushe" karrieren sin, me får inn ein spelar med ein veldig sterk dedikasjon til eigen utvikling, seier Flo.

- Eg er ein roleg type utanfor bana, seier Axel, og beskriver seg sjølv som ein familiekjær gut som likar å vera heime i lag med kjærasten Live, som går på sjukepleiarstudie.

- Eg er ein gamal golfar, og gjekk faktisk på golf-linja på vidaregåande. Eg likar óg godt å sjå ishockeykampar. Elles er eg i lag med kompisar, seier Axel, som kjenner godt Tomas Kristoffersen frå før. No gler han seg til å bli lagkamerat med Tomas att.

- Det blir veldig kjekt å koma i gong her og bli kjent med gruppa. Eg skal gjera alt for å bidra til at me får ein opptur og at me har noko å spela for til hausten. Eg skal gjera meg fortent til å få speletid her i kvitedrakta, og gler meg veldig, avsluttar Axel Kryger.

Me ser fram mot tre fine år i lag med Axel her på Fosshaugane!

 

Annonse fra Obos-ligaen: