Fredrik til Fana

Fredrik Flo skal på utlån til bergensklubben i sesongen 2018

Sogndal Fotball og Fana IL Fotball er samde om ein utlånsavtale for Fredrik Flo (f. 10/10 1996) ut sesongen 2018.

Fredrik har tidlegare vore på utlån til bergensarane. I 2016 spelte han 11 kampar og skåra 5 mål for Fana i PostNord-ligaen. Laget rykka ned til 3. divisjon i fjor, og skal i år spela i same avdeling som Sogndal 2.

- Det er viktig for våre unge spelarar at dei som ikkje heilt er klare for A-lagsspel også får spela viktig førstelagsfotball, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Utviklingsløpet til dei unge spelarane vil ofte vera forskjellig frå spelar til spelar, der nokre vil måtte ha eit lengre og tøffare løp enn andre. Det løpet som no Fredrik skal til med, vil  vera både lærerikt og viktig for utviklinga som skal til for å lukkast på eit høgst mogleg nivå på eit seinare tidspunkt, held Flo fram.

Fredrik Flo reiser no til Bergen og er klar for å bidra  for Fana.

Fredrik Flo
Fredrik er klar til innsats for Fana (Foto: Fana Fotball)

- Eg treng meir speletid enn kva eg får på A-laget per i dag. Her i Sogndal er det ganske stor konkurranse om spissplassane, og det har vore vanskeleg å sleppe til, seier Fredrik før avreise til Bergen.

- Eg er eit hakk under nivået som må til for å få spela kampar, og eg meiner det vil vera bra for utviklinga mi med denne sesongen i Fana. Det er kjekt å få denne moglegheiten i ein klubb som betre passar mitt nivå, fortel Fredrik.

Helst ville han ha vore fast på laget på Fosshaugane, men han ser at for å nå dit må han ta ein liten omveg. Då passar det godt med ein klubb som Fana for å ta nye steg.

- Fana er ein fin klubb som eg kjenner godt etter sist eg var der, seier Fredrik, og legg til at trivsel er ein viktig faktor i dette valet.

- I Bergen skal eg bu i leilegheit i lag med Ingrid, kjærasten min. Ho skal studera og jobba litt, fortel Fredrik vidare.

Fana jobbar godt med unge spelarar, og me har hatt eit fint samarbeid med dei gjennom fleire år. Spelarar som Stian og Mathias Dyngeland, Lars Christian Kjemhus og Tomas Totland har alle sparka fotball på Nesstun før dei kom til oss.

- Det at Fredrik no tek turen til Fana ser me som positivt, då me veit at Fana jobbar særs godt med dei unge, seier Håvard Flo.

- Eg håpar på bra med speletid og at eg får ein del skåringar, slik at eg returnerar til Sogndal som ein betre fotballspelar etter sesongslutt, avsluttar Fredrik.

Me ynskjer Fredrik masse lukke til i Bergen!

Les kva Fana Fotball skriv om låneavtalen

Annonse fra Obos-ligaen: