Går til Glimt

Vegard Leikvoll Moberg er selt til Bodø/Glimt

Sogndal Fotball og Bodø/Glimt er i dag samde om ein overgang for Vegard Leikvoll Moberg.

Les meir på glimt.no: Moberg blir Glimt-spiller

Vegard kom til oss i fjor sommar frå Åsane, og spelte seks kampar for oss i fjorårets Tippeliga.

Debuten hans kom mot nettopp Bodø/Glimt, ein kamp som enda 2-2 på Fosshaugane Campus.

For tida er det stor konkurranse om plassane på sentral midtbane hjå Sogndal, noko som har ført til begrensa speletid for midtbanespelaren frå Os.

- For Vegard si vidare utvikling og karriere er det viktig at han får meir regelmessig speletid framover, og der er sjansen større i Bodø/Glimt for tida, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Dette er ein kjempefin moglegheit for Vegard, seier Flo.

I Bodø får Vegard eit gjensyn med sin gamle trenar Kjetil Knudsen, som no er assistenttrenar i Glimt. Han møter óg sin gamle lagkamerat Kristian Fardal Opseth, som er på lån frå Sogndal ut vårsesongen.

- Me har vorte veldig glade i Vegard, både som person og som spelar. Han er ein fin gut. Me håpar at han lukkast i Glimt, avsluttar Flo.

Me ynskjer den sympatiske guten frå Os lukke til i Bodø! 

Annonse fra Obos-ligaen: