Gilbert til Brann

Sler følgje med Teniste til Bergen

Sogndal Fotball og FK Brann er einige om eit sal av Gilbert Koomson. Gilbert har signert ein avtale med Brann som løper ut sesongen 2021.

Gilbert gjennomførte i dag den medisinske testen i Bergen før han sette seg på flyet til Gran Canaria for å slutta seg til resten av Brann-troppen, som no er på treningsleir der nede. 

Koomson har vore hjå oss i to perioder, og tilsaman har han spelt 71 kampar i kvitedrakta og skåra elleve mål.

Gilbert var her i 2013 på lån og fekk spela nokre kampar under Jonas Olsson. Han rakk å markera seg som ein hurtig spelar allereie i debutkampen mot Rosenborg på Lerkendal.

Gilbert Koomson RosenborgB 2013 Foto - Rune Sjøberg (4)
Gilbert sprang lett i frå Micke Dorsin i debutkampen på Lerkendal. (Foto: Rune Sjøberg)

Etter låneopphaldet reiste han tilbake til Thailand.

I januar 2016 var han tilbake, no på permanent basis. Det var ein meir moden og enda betre fotballspelar som returnerte.

- Gilbert har vore en veldig bra spelar for oss, og me vil sakne han her. På bana har han bidrege med sin x-faktor, og i garderoben har han vore ein som fekk smilet fram hjå gutane, seier sportsleg leiar, Håvard Flo.

- Eg er glad for å få sjansen i Bergen og Brann, men det er ikkje lett å reisa frå bygda og kompisane mine her, seier Gilbert.

- Eg har blitt veldig glad i Sogndal, det kjem eg alltid til å vera!

Han tok Tippeligaen 2016 med storm, og viste seg fram som ein servitør så god at han vart assistkonge i ligaen dette året.

Etter sesongen var det stor interesse for guten frå Ghana, men han vart her hjå oss også i 2017.

Før sesongstart i fjor møtte me Brann til treningskamp i Vestlandshallen, og då markerte Gilbert seg skikkeleg med sin høge fart då han sprang frå heile Bergen frå djupt på eigen banehalvdel. 


Han gjorde ein god sesong i fjor, der eit av høgdepunkta kom mot Viking. Då var Gilbert brennheit og skåra hat trick.

- No skal han skriva eit nytt kapittel i fotballkarriera si, og me er glade for at han får sjansen til å utvikla seg vidare i Brann. Me ynskjer han lukke til i Bergen, avsluttar Håvard Flo.

Med sitt gode humør og smittande latter har Gilbert bidrege mykje både på og utanfor bana, og det blir eit tomrom etter guten me er blitt så glade i. 

Me kjem tilbake med eit videointervju med Gilbert seinare i vinter.

Me takkar Gilbert for strålande innsats, og ynskjer mykje lukke til i Bergen!

20626990_10155474208241544_5047205443098292574_o
Gilbert med det gode smilet (Foto: Rune Sjøberg)
Annonse fra Obos-ligaen: